tirsdag 19. april 2016

Heine køyrde "Runde van Berg" i helga!

I helga køyrde Heine Nysæther rittet "Ronde van Berg", som er ein slags norsk mini-Flandern lokalisert i Stavern-område. Heine gjekk sjølvsagt i alle brot som var i løpet av dagen og fekk seg ei skikkeleg god økt! Me har fengje fylgjande rittrapport frå syklisten sjølv:


Heine blid og nøgd, som vanleg!
Ronde van Berg er eit ritt som går i det lett «flamske» terrenget i Brunlanes ved Larvik i Vestfold. Distansen er 107 km, beståande av 4 lange runder på 15.1 km og 4 korte runder på 11.7 km. Det er eit spennande ritt som byr på høg fart med mange bruddforsøk, og der eit evnt. brudd har stor sjanse for å gå heilt inn. I årets startfelt var det over hundre startende i menn senior. Det var sol og lite vind frå start og alt låg til rette for ein fantastisk fin konkurranse. Eg stilte med høge ambisjonar om å gjere eit bra ritt, og helst komme lenger opp på resultatlista enn i fjor då eg kom på 29 plass. I fjor satt eg i hovudfeltet heile vegen og såg brudd etter brudd gå uten at eg klarde å vera med, så i år hadde eg bestemt meg for å sitte langt framme i feltet og prøva å komme meg med i eit tidlig brudd. Fleire små utbrytargrupper kom seg av gårde frå hovedfeltet og allerede halvvegs på fyrste runden kom eg meg med i ei tremannsgruppe. Dessverre var det dårlig samkøyring og me blei henta av hovedfeltet eit lite stykke ut på den andre runden. Etter det la eg meg litt bak i feltet for å spare krefter til det rette øyeblikket. Hardkøyret haldt fram, men samtlige bruddforsøk blei henta av eit aktivt hovedfelt. Ut på den fjerde runden kom øyeblikket eg hadde venta på. Eit timannsbrudd danna seg, og klarde etter kvart å komme seg av gårde. I full panikk satte eg etter, men dessverre var eg litt for uoppmerksom og treig i reaksjonen. Eg fekk med meg to andre og sammen blei me liggande i vakumet mellom timannsgruppa og hovudfeltet. Luka auka i begge retninger og me køyrde for harde livet for å ta igjen gruppa framfor oss. Me haldt det gåande i 15-20 min før me gav opp og lot oss bli sugd opp av hoveudfeltet igjen. Den aktive køyringa hadde kosta mykje og eg klarde etter kvart ikkje halda plassen min i hovudfeltet. Til veksling på den siste runden var eg heilt på halen og måtte etter kvart sleppa. Eg trilla inn på 57 plass nesten 3 min bak vinnaren Andreas Minge - Fredrikstad SK. Han var ein av åtte ryttera som var igjen av ti-mannsbruddet som gjekk heilt inn. Dei to siste rundane var det fire velt og mykje usikker køyring. Trass i eit ikkje heilt optimalt resultat er eg ok nøgd med innsatsen og glad eg kom frå det heile med helsa og utstyret i god behold. Her er ein liten film med Vidar Mehl (180) som har maksimal uflaks og går ned for telling berre 3 km før mål:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar