onsdag 25. mai 2016

Heine nr. 3 i Sandefjord Tours!

Måndag 16.mai køyrde Heine Nysether Sandefjord Tours, og som vanleg støyta Heine frå start! Pga stor arbeidspress i web-avdelinga til Vossevangen CK kjem dekninga av dette rittet noko seint diverre. Les meir om korleis Heine sjølv skildra pallplassen!




Heine i aksjon!
Rittrapport Sandefjord Tour (16 mai) – 97 km

Etter ei norgescup-helg der eg gjekk på hovudet ut i langesona etter 8 mil hadde eg mykje frustrasjon og skuffelse som måtte bearbeidast. Med litt småforslått og til dels misshandla kropp stilte eg til start på Sandefjord Tour. Eg hadde bestemt meg for å køyra hardt frå start. Og som tenkt som gjort. Eg prøvde å rive meg laus frå hovudfeltet med ein gong masterbilen slapp oss. Dette gjenntok eg tre-fire gonger uten at eg fekk lov til å gå. I staden var det to andre som kom seg av gårde. Etter ca 15 km kom eg òg meg av gårde. Eg blei liggande aleine i vakumet mellom dei to (som etter kvart blei ein) i front og hovedfeltet i nesten 20 km før eg slapp meg tilbake til hovedfeltet for å lade litt. Der blei eg eit par min før eg stakk av gårde igjen. Eg fekk raskt luke til hovudfeltet og bak meg kom fire andre ryttera opp, som også hadde komme seg av gårde. «No!» tenkte eg, «dette blir bra!» Me tok opp jakta på han som låg i solobrudd og hadde fått over 2 min forsprang. Dessverre var ikkje alle i bruddet like villige til å gjere sin del av jobben, og berre tre av oss tok skikkelige føringar, medan dei to andre for det meste «kosa» seg i sekken. Me fekk heile tida tilbakemeldingar på differansen fram, og den blei mindre og mindre. Etter litt over 70 km hadde me køyrt inn solobruddet. Då begynte eg å tenka på avslutninga. Spurten min er ikkje den beste, så eg visste at eg måtte gå tidlig om eg skulle ha noko sjanse på pallplass i gruppa på seks ryttera. Då det gjennstod 15 km klarde eg ikkje halda meg rolig lenger og gjekk av gårde. Eg distanserte meg raskt og fekk ei god luke. Dessverre gjekk eg litt for tidlig. Då det gjenstod 5 km svartna det litt for meg og eg blei køyrt inn av to andre i bakkane opp til mål (Heldigvis var dette dei to andre som hadde bidratt i femmarbruddet og ikkje ein av dei to som berre var i vegen..). Eg enda på 3. plass totalt. Det var godt å få ut litt frustrasjon og eg er godt nøgd med eigen innsats!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar