mandag 16. mai 2016

Kristin Sønnesyn med sterk Vossevangen-debut under Fana 3-dagars

Kristin Sønnesyn debuterte for Vossevangen CK under Fana 3-dagars i helga, og leverte ein flott prestasjon, med tredjeplass i K-senior med lik tid som fyrste og andreplass!
Alle som har sykla med Kristin veit at ho er sprek, og me gratulerar ho med flott Vossevangen-debut og gler oss til framhaldet!

Kristin med fin-fin rittdebut under Fana 3-dagars


Me har fengje fylgjande interessante rittrapport frå den blide turnuslækjaren;

"Det var ei impulshandling. Eg meldte meg på Lønningrunden utan å tenkja gjennom kva eg hadde gjort. Det fekk eg tenkt på seinare same veke. Eg hadde meldt meg på i mitt første aktive ritt. Mitt første ritt på 4 år. Eg angra.

Laurdagen kom og me køyrde til start. Eg tok på meg drakta og sykla litt fram og tilbake. Såg rundt på dei seriøse konkurrentane der dei satt og varma opp på rulle, støtteapparata gjekk rundt.

Det var eit kort ritt, kun 25 minutt + 4 rundar i ei løype på ca. 3 km. Det første dagen i Fana 3-dagers. Damene skulle starta med menn 15-16. Eg fekk høyra at dei er både raske og litt galne. Så gjekk starten. Eg hadde litt teknisk trøbbel i starten, men hang no med i feltet ned den første bakken og gjennom svingen. Då auka farten, feltet sprakk litt opp, før det igjen vart samla i bakken. Etter den første runden satt eg framleis med i feltet. Eg såg ei dame som låg framfor meg og bestemte meg for å henga på ho. Målet mitt var å fullføra og å ha det kjekt. Så eg tenkte at det var greit å finna ein rygg å henga på. Ikkje lenge etterpå fell me av. Me var tre damer som låg saman. Me tok snart igjen ein til og me fann tempoet vårt. Eg kjente meg bra, det gjekk fint å henga med. Men eg merka at eg ikkje har køyrd konkurranse før. Taktikk, svingar, bremsa ned før sving, fart ut av sving. Det var mykje eg måtte læra meg der og då. Runden vart avslutta med ein bakke i heftig motvind, før ein krapp sving, ein liten nedoverbakke og nok ein brå sving før ein slak motbakke enda i mål. Gruppa vår vart etter kvart 5 og me samarbeida godt. Eg visste ikkje kor langt det var igjen, før eg såg at me allereie hadde kome til siste runde. To ryttarar prøvde å stikka fra oss, men luka vart raskt tetta. Så fekk eg oppleva taktikkeri, det var interessant. Eg kjende meg sterk, men var ikkje rutinert nok til å ha ein plan. Over den siste bakketoppen gjekk dei. Eg hang på, men kom som nr. 3 gjennom svingen, tok innpå mot mål, men vart nr. 3 av damene. Som debutant måtte eg sei meg nøgd med det.


Sjølv om det var Norges Cup samme helg og det ikkje var store konkurransen, fekk eg ei fin oppleving, eg lærte mykje og har blitt endå meir gira på å sykla. Dette var kjekt!"




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar