lørdag 25. juni 2016

Vossevangen CK med tre ryttar på Hallingrittet

Hallingrittet 2016 hadde værgudane på si sida i dag. Regna godt i går, og meldt godt med regn i morgon, men på rittet i dag var det sol og lettskya. Vossevangen CK stilte med tre ryttarar: Ola Blikberg Herheim i 9-10 årsklassen, Johanne Blikberg Herheim i 11-12 årsklassen og Rune Herheim i pulje 1 for dei vaksne. Både Ola og Johanne viste gode takter - Ola med styrke og Johanne med teknikk. Ungdomane fekk bryna seg, for dei sykla traseen som er det siste stipartiet i dei vaksne si løypa. Rune viste også gode takter og tok ein solid sjuande plass totalt, og ein andreplass i klasse M35-39. Trykk "Les mer" for resultatliste, fleire bilete og Rune sin rittrapport.

søndag 19. juni 2016

Lillhammer-Oslo, ei kjempeoppleving for Vossevangen CK

Laurdag 18.06 vart "Styrkeprøven" gjennomført, og for fyrste gong stilte Vossevangen CK lag på distansen Lillehammer-Oslo. Løypa var 189 kilometer  i år, og var lagt på vestsida av Mjøsa. Vossevangen CK stilte til start med 18 mann frå Voss og omegn, med berre eit forfall. Diverre var Nikolai Hanevik sjuk og kunne ikkje vera med oss til Lillehammer.

onsdag 15. juni 2016

Rune nr. 3 i det 3. rittet i Continentalcupen

I dag vart 3. ritt i continentalcupen arrangert på Os/Ulven. Arrangøren gjorde ein framifrå jobb, og stilte med ein delvis ny trase. Endringane gjorde susen, og det var god stemning. Det vart dobbelsiger til Fana SK, med Ellertsen på fyrste og Jordan på andre. Rune kom inn på ein fin-fin 3. plass, ti sekund bak Jordan. Nikolai Hanevik laut diverre melda forfall. Sjå Rune sin rittrapport under, og resultatliste finn du her.

Vossevangen CK køyrde Åsane lagtempo på Osterøy

Tysdag 14.06 vart regionens einaste lagtemporitt avvikla på vakre Osterøy, då Åsane Lagtempo stod for tur. Vossevangen CK debuterte i disiplinen, og stilte lag med Heine, Kjetil og Jørund. Løypa er knallhard, då den går ned ein bakke i gode 5 km og 170 høgdemeter, før ein skal oppatt same bakken i gode 5 km og 170 høgdemeter. Løypa skal køyrast tre gonger, tilsaman 32 kilometer.

mandag 13. juni 2016

Store oppturar og nokre nedturar under Noregscuphelg nr. 3!

I helga har det vore "Jæren sykkelfestival" med tredje runde i Norgescup'n landeveg. Laurdag var det gateritt ranking og sundag fellesstart.

Kjetil Isaksen knalla til med eit kjemperitt laurdag, og var nr 12 under gaterittet. Han fekk same tid som vinnaren, Kristoffer Halvorsen (Team Joker). Ketil seier i ein kort kommentar; "Det gjekk styggfort i dag, dei siste tre rundane snitta me over 50 km/t. ". Kjetil har no etablert seg i Noregseliten på gateritt, etter fleire veldig gode prestasjonar. Veldig morro! Me gratulerar.

Kjetil i aksjon under criteritumsrittet på laurdag! Kanonplassering.



onsdag 8. juni 2016

Heine og Jørund køyrde Ulven Tempo

Tysdag 07.06 var det duka for Ulven Tempo. Eit tradisjonsritt frå tilskiparklubben CK Henie. Vossevangen CK hadde Heine Nysæther og Jørund Rong til start. Os baud på småkaldt vær og med ein god del sidevind, men det var likt for alle!

Det var mange sterke rytterar til start, både unge og gamle. Heine tikka inn på små-fine 13:34  medan leiaren var 20 sekundar bak på 13:54. Heine stilte i Msenior medan Rong stilte i M40-44.

lørdag 4. juni 2016

Bergen-Voss i strålande vær - Vossevangen ck dominerte stort!

I eit strålande vær vart Bergen-Voss køyrt i dag laurdag 04. juni, Vossevangen CK hadde mange spreke rytterar til start i ulike puljer.

Oppsummert: Kjetil Isaksen vann i lag med sju andre sterke rytterar på 4:12:01 og Heine Nysæther var berre minuttet bak 4:13:13. Kristin Sønnesyn gjorde ein kjempeprestasjon og tok tredjeplassen i kvinneklasen på flotte 4:54! Kristin melder om ein fin tur og ei god oppleving! Vinnaren i dameklassen hadde eit heilt lag som køyrde for ho og vel so det. Soleis kan Kristin sjå på dette som ein endå større prestasjon, ho gjorde jobben åleine. Me gratulerar Kristin!