onsdag 26. april 2017

NC1-Bergen

I helga var fyrste runde av Noregscupen i Bergen, Kjetil stod på startstreken på fellesstarten sundag.
Rittet på 12 runder og 156 km vart korta ned med 2 runder før start, etter kvart som været utvikla seg vart det korta ned til 8 runder og 104 km. Sjå resultat på våre resultatsider


Me har fått fylgjande rapport frå Kjetil:




Plutselig sto jeg på startstreken og relativt klar til å sparke i gang sesongen. En noe spesiell selv til å være Bergen. Været vekslet fint mellom snø, regn og en del haggel. Jeg var godt kledd med bl.a. ull og regntøy. De første 3-4 rundene gikk det greit. Dvs vondt i bakkene var det selvsagt, men hang greit med. Så var det tempen da.. Etter hvert kommer det kaldt vatn fra alle kanter. Jeg som andre, ble veldig nedkjølt. Når Ringerike setter hele laget i front er det ikke mer å gi. Ble 6 av 8 runder og en litt skuffende 56 plass. Det er bare å trene mer og hardere å satse på stigende form. Uansett moro å komme i gang.









onsdag 19. april 2017

Felles vår-tur 12-13 Mai!

Felles vår-tur 12-13 Mai!
Godtfolk, me freistar også i år å få til det som etter kvart har blitt VCK sin årlege sykkeltur "Rundt Hardanger". Me syklar i underkant av 10 mil fyrste dag, og som vanleg vert det overnatting, middag og sosialt samvær i Jondal. 
Morgonen etter syklar me ruta Jondal, Herand, Utne, Odda, Kinsarvik, Ulvik, Voss. Denne dagen vert det i underkant av 20 mil. Her vert det som vanleg stopp på stamstaden Smelt Cafè i Odda, samt bunkring i Ulvik.
Me vil freista å få på plass transport av klede / utstyr i form av fylgjebil. Turen vert gratis for medlemmar av klubben, og sjølv om ein naturleg nok må vera i ein viss form for å gjennomføre ein slik distanse, køyrer me samla og hjelper kvarandre. Me skal ha alle med oss heimatt!
Vonar så mange som mogleg finn lyst og anledning til å vera med. For å hjelpe oss i styret mht planlegging etc set me frist for påmelding fredag 28. April. Dette kan gjerast i tur-tråden på Vossevangen si Facebook-side, eller på telefon 9690 2216 til Dag Tore. 

Estimert tidsskjema er avreise Voss fredag 12.5 kl. 15.00 og ankomst Voss laurdag 13.5 kl. 16.00.

Vonar DU har lyst å vera med!

Sportsleg helsing
Styret

mandag 17. april 2017

Heine med kanonstart på sesongen!

2017-sesongen er so kjent godt i gang og enkelte Vossevangarar har alt visst seg fram! Heine N. Liland klemte til med siger i Rådalen Rundt sundag 02.04. I eit sterkt felt, der spesielt BCK køyrde aktivt, klarte Heine å gå solo ut på sisterunden og tok sigeren!


"Ut på sisterunden, når me kom til den lange seige falske flata utover mot Stend, la meg på 500 watt omlag, og såg at eg glei i frå" seier Heine i ein kommentar!





Heine i einsam majestet inn til mål!

Ny sykkel får Endeve og gode bein var avgjerande!
 Heine som i år stiller på "lokalt" utstyr frå Endeve Sport, har soleis alt ein fin skalp i beltet og me gler oss til å fylgja han vidare i sesongen!

Resultatliste: Rådalen Rundt 2017