søndag 3. september 2017

Specialized cup i Bømoen

Laurdag 2. september var det klart for årets siste ritt i Specialized cupen, det var strålande sol og forholda i løypa var perfekte. Vossevangen CK hadde 7 ryttera til start i ungdom/vaksen rittet, der dei kunne velga mellom å sykla 2,4 eller 6 runder i den 2,5km lange løypa, men før dette var det barneritt.
I barnerittet var det ca.20 gutter og jenter på startstreken og dei såg ut til å ha det kjekt sjølv om det var hard konkuranse for enkelte.


Foto: Stine Sognnaes Hafnor Gjerald


 Foto: Stine Sognnaes Hafnor Gjerald
Foto: Stine Sognnaes Hafnor Gjerald

I ungdom/vaksen-rittet fekk me Ola Blikberg Herheim inn på ein sterk 2.plass blant dei som sykla 2 runder.

 I klassen for dei som sykla 4 runder fekk me Thomas Vethe inn på ein fin 2.plass, berre 1,5sekund frå seier.
Foto: Siren Vethe

For dei som sykla 6 runder vart det ikkje overraskande seier til Kristian Ellertsen frå Fana, med Rune Herheim på 2. og Roger Eide på 3.plass, vidare vart Geir Ove Byrkje nr.8, Jan Eric Crook nr.9 og Martin Hindenes nr.10
Foto: Joar Wæhle

Sjå fleire bilder her


Komplette resultat kan du sjå her


1 kommentar: