tirsdag 15. mai 2018

NC2 Sandnes

I helga var det klart for NC2 i Sandnes med gateritt på lørdag og fellesstart på søndag, Kjetil var til start begge dager.




Me har fått inn fylgjande rapport frå Kjetil etter helga:

søndag 13. mai 2018

Strålande sykkeldag i Bømoen

Det andre rittet av Sykkelbutikken sin terrengritt-cup vart skipa til av Vossevangen CK i dag. Over 20 deltakarar i barnerittet og snaue 30 i ungdoms- og vaksenrittet fekk nyta godt av strålande vær og dei fantastiske stiane i Bømoen. Den som sykla fortast av alle og vann klassen for dei som sykla seks

torsdag 10. mai 2018

Stalheimskleiva opp 10.5.2018

I dag gjekk Stalheimskleiva opp av stabelen, med både sykkelritt, rulleski og løp. I strålande vær deltok fleire frå Vossevangen CK på sykkelrittet: Thomas Vethe tok ein sterk 3. plass med tida 10:01, Rune Herheim vart nr. 4 med 10:19, Geir Ove Byrkje nr. 5 med 10:30 og Marius Flatabø nr. 8 med 11:34. Vann gjorde Hans Inge Klette med 9:27. Rune og Marius deltok også i Hardhausen (både ritt, rulleski og løp), og der vart Rune nr. 6 og Marius nr. 7. Klikk her for hardhaus-resultar og klikk her for resultat for løpet.

tirsdag 1. mai 2018

Os Rundt 2018

Foto: KVB
I dag vart Os Rundt arrangert for 39. gong, dette rittet er for mange første ritt for sesongen og 100 ryttera stod klar på startstreken, Frå VCK hadde 2 ryttera tatt turen til Os, storfavoritten Kjetil K. Isaksen og Geir Ove Byrkje. Løypa er rett over 40km og forholdsvis flat, men har ein stigning rett ut frå start i Os og ca. halvvegs i rittet skal me over Fanafjellet. Det var ca. 10 grader og for det meste turr

søndag 22. april 2018

Terrengritt i Bømoen 13. mai!

Smør kjeo og fyll saft på flasko! Den 13. mai vert det sykkelmorro på stiane i Bømoen.


Det vert barneritt for dei som er omlag 4-12 år, og ulike klassar for 10 til 100 år i ungdoms- og vaksentevlinga. Les meir om rittet her.

lørdag 7. april 2018

Fellestrening 2018

Då er tida komen for å parkere spinningsykkelen og komme seg ut på landevegen igjen, første trening blir tirsdag 17.april me syklar samla frå Meieriet kl.18:00 og triller ein rolig tur.
opplegget blir som før, rolig på tirsdager, i eit tempo så me kan sykla samla og alle kan følge med uansett korleis formen er etter vinteren. Torsdager blir det hard økt, men det blir lagt opp slik at alle kan vere med der og, me varmer opp ilag og kvar enkelt sykler sine intervaller i sitt tempo. Både tirsdager og torsdager er det oppmøte på Meieriet kl.18:00
Møt opp, alle er velkomne

torsdag 22. mars 2018

VCK medlemskap 2018!!

Ein ny sykkelsesong er på gang, og det er på tide å fornya medlemskapet i VCK.


Medlemssatsane er: hovudmedlem kr 350,- familiemedlem kr 400,- ungdomsmedlem(under 20år) kr 100,- og støttemedlem kr 100,-
Betaling skjer til kontonr: 3480.11.59526 innan 15.april


Merk betalinga med kven det gjeld, hugs at dei som nyttar familiemedlemskap må senda inn navn og fødselsnummer til alle i familien, dette gjer du på e-mail: erlendme@hotmail.com


Hugs å tinge lisens: http://www.eqtiming.no/forside/sykkellisens/


Velkommen som medlem i VCK.

søndag 18. februar 2018

Årsmøte Vossevangen CK



Årsmøte vert holdt på Peppes Pizza si konferanseavdeling, sundag 4.3.18 kl. 19.30. Lett traktering kan påregnast.
Saksliste som fylger;
...
1. Val av ordstyrar og referent, samt to medlemmar til å signere protokoll.
2. Godkjenning av saksliste
3. Godkjenning av årsmelding
4. Godkjenning av årsregnskap
5. Fastsetjing av medlemskontingent 2018
6. Innkomne saker
Ber om at eventuelle saker vert meldt styret innan 28.2.
7. Val