søndag 22. april 2018

Terrengritt i Bømoen 13. mai!

Smør kjeo og fyll saft på flasko! Den 13. mai vert det sykkelmorro på stiane i Bømoen.


Det vert barneritt for dei som er omlag 4-12 år, og ulike klassar for 10 til 100 år i ungdoms- og vaksentevlinga. Les meir om rittet her.

lørdag 7. april 2018

Fellestrening 2018

Då er tida komen for å parkere spinningsykkelen og komme seg ut på landevegen igjen, første trening blir tirsdag 17.april me syklar samla frå Meieriet kl.18:00 og triller ein rolig tur.
opplegget blir som før, rolig på tirsdager, i eit tempo så me kan sykla samla og alle kan følge med uansett korleis formen er etter vinteren. Torsdager blir det hard økt, men det blir lagt opp slik at alle kan vere med der og, me varmer opp ilag og kvar enkelt sykler sine intervaller i sitt tempo. Både tirsdager og torsdager er det oppmøte på Meieriet kl.18:00
Møt opp, alle er velkomne