tirsdag 15. mai 2018

NC2 Sandnes

I helga var det klart for NC2 i Sandnes med gateritt på lørdag og fellesstart på søndag, Kjetil var til start begge dager.




Me har fått inn fylgjande rapport frå Kjetil etter helga:

søndag 13. mai 2018

Strålande sykkeldag i Bømoen

Det andre rittet av Sykkelbutikken sin terrengritt-cup vart skipa til av Vossevangen CK i dag. Over 20 deltakarar i barnerittet og snaue 30 i ungdoms- og vaksenrittet fekk nyta godt av strålande vær og dei fantastiske stiane i Bømoen. Den som sykla fortast av alle og vann klassen for dei som sykla seks

torsdag 10. mai 2018

Stalheimskleiva opp 10.5.2018

I dag gjekk Stalheimskleiva opp av stabelen, med både sykkelritt, rulleski og løp. I strålande vær deltok fleire frå Vossevangen CK på sykkelrittet: Thomas Vethe tok ein sterk 3. plass med tida 10:01, Rune Herheim vart nr. 4 med 10:19, Geir Ove Byrkje nr. 5 med 10:30 og Marius Flatabø nr. 8 med 11:34. Vann gjorde Hans Inge Klette med 9:27. Rune og Marius deltok også i Hardhausen (både ritt, rulleski og løp), og der vart Rune nr. 6 og Marius nr. 7. Klikk her for hardhaus-resultar og klikk her for resultat for løpet.

tirsdag 1. mai 2018

Os Rundt 2018

Foto: KVB
I dag vart Os Rundt arrangert for 39. gong, dette rittet er for mange første ritt for sesongen og 100 ryttera stod klar på startstreken, Frå VCK hadde 2 ryttera tatt turen til Os, storfavoritten Kjetil K. Isaksen og Geir Ove Byrkje. Løypa er rett over 40km og forholdsvis flat, men har ein stigning rett ut frå start i Os og ca. halvvegs i rittet skal me over Fanafjellet. Det var ca. 10 grader og for det meste turr