onsdag 8. august 2018

Bjarte og Thomas sykla fort på Grenserittet

Thomas rett etter målgang.
Foto: Siren Vethe
Bjarte og Thomas køyrde i helga Grenserittet som går frå Strømstad til Halden. Rittet samla fleire tusen deltakarar. Thomas køyrde i 15-16 års klassen, 36 km (ca. halv distanse). Han kom inn på 16. plass. Han var godt nøgd med resultatet, sidan det var fyrste gong han sykla dette rittet og dei beste i landet også deltok. Dei var totalt 38 i klassen hans. Bjarte kørde heile distansen, 80 km, og kom inn på 22. plass. Det var han ikkje heilt nøgd med. Trass i at han stilte opp 25 minutt før start vart han likevel sist i startfeltet. Han fekk dermed ikkje den starten han hadde håpa på, og utgangen av Grenserittet er heilt avgjerande. Løypene var veldig lause grunna tørre forhold, som krevde ekstra merksemd, men dette er utvilsamt eit flott ritt som fleire burde delta på!