torsdag 25. april 2019

Sykkelbutikk-køpp i Skageskogen

Rittsesongen er i gang! Nikolai og Rune forsvarte Vossevangen Ck si æra på knallflotte stiar over seks rundar i Skageskogen utanfor Bergen i går. Dette var fyrste rittet i årets Sykkelbutikk-køpp. Joachim Jordan viste at han framleis har krut i pedalane og tok ein fin siger. Nikolai, i sitt fyrste ritt sidan Offroad Valdres for mange herrens år sidan, sykla seg rett inn på pallen. Rune sleit litt meir, men kom seg inn på ein femteplass. Sjå resultatlista, og les gutane sine rittrapporar under!

mandag 8. april 2019

Fellestrening 2019


Då er tida komen for å parkere spinningsykkelen og komme seg ut på landevegen igjen, første trening blir tirsdag 9.april. Me syklar samla frå Meieriet kl.18:00 og triller ein rolig tur.
opplegget blir som før, rolig på tirsdager, i eit tempo så me kan sykla samla og ALLE kan følge med uansett korleis formen er etter vinteren. Torsdager blir det hard økt, men det blir lagt opp slik at alle kan vere med der og, me varmer opp ilag og kvar enkelt sykler sine intervaller i sitt tempo.
Både tirsdager og torsdager er det oppmøte på Meieriet kl.18:00
Møt opp, alle er velkomne