mandag 1. juli 2019

Ein liten oppsummering av første halvdel av sesongen.



 
Sjølv om sommaren aldri heilt har kome i gang i år har VCKarane vore ute å testa formen i fleire ritt, her kjem ein liten oppsummering av sesongen så langt.

Eg vil som vanlig minna/masa på rittrapporter frå ritt me deltar på, er aldri for seint å senda inn. Det er også store muligheiter for at nokon er med på eit ritt som eg ikkje får med meg, så da er det fint med ein liten rapport eller i alle fall send ei melding til meg så eg får lagt ut resultat.  
 
14.mai. Sykkelbutikken Cup-Totland
 
Rune, Ørjan og Geir Ove tok turen til Bergen for 2.runde av Sykkelbutikken Cup, der møtte me Filip som også hadde tatt turen til Totland. Det var kjøligt, men opphaldsvær, me kunne sykla 3, 5 eller 8 runda i ei lite teknisk, men hard løypa. Det var nesten 50 påmeldte i dei tre klassane. 
 
Rune var uheldig og surra kjeda 2-3ganger rundt kranken på Diamanten, det enda med DNF.
Filip var som vanleg sterk og enda på 3.plass og Geir Ove enda på 8.plass av dei som sykla 8 runder.
Ørjan sykla 5 runder og enda på 7.plass.
 
Sjå bilder og resultat her.
 
 
1.juni. Bergen-Voss
 
Laurdag 1. juni var det klart for Bergen-Voss, i eit forferdelig drittvær, med styrtregn frå start til mål og rundt 5-7grader vart det ein hard tur for mange. Heile 19 frå VCK stod på startstreken i Bergen.
 Sindre Hirth og Sondre Tysseland var best av våre med delt 18.plass, klasse seier for Sindre, Bjarte og Kristin fekk 2. plass i sine klasser og Thomas debuterte med 3.plass i sin klasse, i tillegg klinka Filip til og vart Kongen av Skjervet:
 
 


















Takk til Odd Inge for fine bilder frå Skjervet.
 
Rittrapport frå Geir Ove:
 Foto: Dag Christensen
 
 
 
15.juni. Bergsdalen opp.

 
Sola skein og det var klart for Bergsdalen opp, VCK hadde Jonas Stokke Jordalen til start i løp, det enda med ein fin 3.plass i klassen med tida 28:12.
Me hadde også 5 syklistar på startstreken, det enda med dobbelseier til VCK, Sindre som leika seg med konkurrentane og fekk den sterke tida 13:10, Filip kom på 2.plass 27sek. bak.
I dame klassen sykla Kristin inn til ein sterk 2.plass med tida 16:44.
Geir Ove kom på 10. med tida 15:19 og Rune på 11.plass med 15:48.

 Foto frå Bergsdalen:Kondis.no
 

Sjå komplette resultat her.
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar