torsdag 18. juli 2019

Valdresrittet 2019


13.juli var det klart for Valdresritter, 53km på sti og grusveg med star/mål på Vaset, vest for Fagernes. Bjarte, Thomas og Rune stilte til start for VCK og korleis det gjekk kan du lesa i rapporten me har fått frå Bjarte:


Thomas, Rune og eg kjørte Valdresrittet i helga, 53 km, blanding av sti og grus. Ca 700 deltakarar kor Thomas vant sin klasse suverent i 17-19 år, Rune vart nr. 7 og eg nr. 5 i våre respektive klasser. Thomas gjorde eit kanonløp, mens eg og Rune hadde vel ein middels topp dag. Valdresrittet er eit kjempearrangement med veldig flotte løyper som alle kan kjøre, her kunne fleire vossingar vore med, enten med hardtail eller fulldemper. Eg var uheldig og fekk teknisk problem kor det begynte med at kjede hoppa av fremme i eit svært humpete parti, kjedet krølla seg inn i bakhjulet og dro med seg giret. Fekk omsider kjede på, men giret var fullstendig skeivt. Fekk kjørt meg opp att i ein gruppe, men kjede glapp heile vegen på dei tyngste girene. Kjede hoppa av ytterlegare to gonger, men kom meg heldigvis til mål. Rune og eg er no klar for den store styrkeprøven, Offroad Valdres, kor så og sei heile løypa foregår i terrenget og til dels veldig teknisk, så dette blir ein kraftprøve!
 
Gratulera med klasseseier Thomas, og lykke til i Offroad Valdres Rune og Bjarte!
 
Her finn du komplette resultat.
    

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar