torsdag 8. august 2019

Terrengritt i Bømoen 15. september

Den 15. september skipar Vossevangen CK til det avsluttande rittet i Sykkelbutikken terrengkøpp. Dette finn sjølvsagt stad i Bømoen, og det vert både barneritt og ritt for ungdom/vaksne. Med andre ord: Berre å ta med heile familien! Sjå meir info, og ikkje minst den nye videoen av traseen for 2019 ved å klikka her.

tirsdag 6. august 2019

Kristin og Filip til topps i Haute Route Norway!

Haute Route er ein organisasjon som skipar globale fleirdagarsritt for amatørar. Ritta strekkjer seg over 3 - 7 dagar, og finn stad over heile verda, med hovudvekt på Italia og Frankrike. Dei siste åra har det også vore arrangert eit tredagarsritt i Stavanger-regionen, og her var Vossevangen CK representert med ekteparet Sønnesyn-Eidsheim.

Vossevangen CK heilt på grenso!

50D0696
Rune i fin posisjon på sin lekre Scalpel.
Ikkje mykje å trekke for her!
Foto: Kondis/Bjørn Johannessen
Grenserittet går frå Strømstad til Halden, og har etablert seg som eit av dei største og mest prestisjefylde terrengritta i Noreg. Me hadde tre ryttarar til start, og alle sykla sterkt! Her kan de lese korleis Bjarte Vethe, Rune Herheim og Geir Karlsen opplevde dagen i skogar, på jorder og over svaberg i vakre Østfold.


Bjarte sin tur
Hei, her er ei lita rapport frå Grenserittet; kjørte løpet på lørdag, 80 km, med start i Strømstad og mål i Halden ved Fredriksten festning. Løypa veksler mellom grus og stier og kor løypa er