tirsdag 6. august 2019

Kristin og Filip til topps i Haute Route Norway!

Haute Route er ein organisasjon som skipar globale fleirdagarsritt for amatørar. Ritta strekkjer seg over 3 - 7 dagar, og finn stad over heile verda, med hovudvekt på Italia og Frankrike. Dei siste åra har det også vore arrangert eit tredagarsritt i Stavanger-regionen, og her var Vossevangen CK representert med ekteparet Sønnesyn-Eidsheim.

De kan lese meir om rittet her; https://www.hauteroute.org/live


Her fylgjer Kristin sin rittrapport;

Det byrja med at eg vart sjuk. Eg låg strak ei veke før Bergen-Voss. Filip skulle vera hjelperyttar og eg ville sykla fortere enn før, men slik vart det definitivt ikkje. Eg gjekk på smellen ved Fykse og klarte ikkje å halda hjulet hans eingong. Det skulle vel berre mangla at eg Filip skulle få sykla ifrå opp Skjervet og at eg skulle halda jakken hans. Det var slik me endte opp i Haute Route, Filip fordi han er rask, eg fordi eg også ville vera med. Og me skulle heim og sykla i Stavanger. Me visste lite om kva me gjekk til då me køyrde frå Bergen forrige torsdag. Dag Tore hadde skrytt av Haute Route og sagt at me måtte gleda oss. I lobbyen på eit hotell i Stavanger vart me møtt av eit stort crew og fekk utdelt mykje forskjellig stæsj før det var opningsmøte og gjennomgang av første etappe, som skulle gå fra Ryfasttunnelen til Jørpeland. Det vart sett ein verdsrekord den morgonen. Eit sykkelritt starta 292 meter under havnivå. Det har ikkje skjedd før, og vil kanskje aldri skje igjen. Vêret var nydeleg på veg ut til Hundvåg og samla rulla me ned den lange tunnelen. Han var lengre enn eg trudde, og det var 11 grader i botn. Etterkvart skalv eg så voldsomt at ein som sykla bak meg trudde eg skulle falla av sykkelen. Så då bakken starta, var eg nok ikkje den einaste som tenkte flest positive tankar (endelig vert eg varm!). Stigningen var ikkje berre 292 meter opp til havnivå, han fortsette opp 300 høgdemeter til. Filip og eg satt i samme gruppe på veg oppover. Eg visste ikkje korleis beina var etter jobbstart og travle dagar, men eg kjende meg lett, sjølv om eg måtte sleppa litt lengre ned i bakken. På bakketoppen hang eg meg på Arnando frå Brasil og kom meg opp i tetgruppa igjen. Løypa var skikkeleg kupert og me fekk lite pausar. I det andre lange bakken falt eg av. Men dei var ikkje så langt framfor meg, eg kunne sjå dei. Eg berre måtte komma meg opp igjen! Så eg la meg på ramma og tråkka det eg torde. Jean-Michel frå Limousin i Frankrike tok meg igjen og saman klarte me det. Filip låg i tetgruppa og «var kjempeimponert». Så måtte eg berre bita meg fast, med kramper dei siste 4 milene. Det gjekk sakte på flatane, men i bakkane vart det køyrd hardt. Det var ikkje alle som ville vera med og dra, mellom anna fleire i tempodrakt og mykje grommare utstyr enn eg har peiling på. Etterkvart falt eg av på nytt, men heldigvis var eg ikkje åleine. Klistremerket på ramma fortalte meg at me måtte nærma oss den siste bakken, men eg trudde ikkje på det før eg fekk munnleg stadfesting frå ein «local» som sto og klippa hekken. Eg tråkka det eg kunne og koste meg i det fine vêret. Bakken var mykje slakare enn han såg ut på løypeprofilen og me nærma oss mål. Nedkøyringa var nøytralisert, og me var 5 som sykla saman dei siste flate kilometrane inn til mål i Jørpeland. Eg kom i mål 6 minutter før neste dame. Filip vant med 2 sekund. God start. Men eg var sliten. Dag 2 byrja kl. 0640 med båt inn Lysefjorden - vakkert! Men det var tidleg og eg hadde sove lite. Både eg og Filip hadde oransje ledertrøyer og måtte stilla oss opp framfor feltet - surrealistisk! Me skulle komma oss opp hårnålssvingane i Lysebotn, frå 0 til 932 meter over havet. 15 km til «Feed station» og nøytralisert nedkøyring. Eg tenkte å la Emma, dame nummer to, styra tempoet og låg på hjulet hennar heile vegen opp. Filip kom seg opp heile 2,42 minutter før dei andre. Han måtte visa dei kven som var sterkast. Etter det vart dei som ikkje ville dra eller prata på gårsdagens etappe plutseleg både pratsomme og hyggelege. Eg hang meg på feltet til Filip saman med Emma og me rant og sykla nedover vakre Sirdal og Hunnedalen i nydeleg solskinn. Det vart relativt godt samarbeid innover mot Seldalsbakken, sjølv om ikkje alle virka som dei hadde låge i rulle før. For min del, besto resten av etappen å henga på Emma, og i siste bakken tok ho meg med nokre sekund. Filip satt berre med gruppa si, før han tok nokre sekund på andremann opp til mål. Filip vann etappe 2, og begge hadde ledertrøya. Eg var ikkje meg sjølv resten av den dagen. Eg spiste fordi eg måtte. Me låg vakne frå tidleg morgon, begge to. Etappe 3 var ein tempoetappe. Start var framfor Domkirka i Stavanger, med Roy Hegreberg som speaker og Fredrik Galta på startrampa. Det var ei kul løype, med slake oppoverbakker til Storhaug, på ny sykkelveg til Tjensvoll og gjennom boligfelt over Ullandhaug. Ein lang nedoverbakke til Hafrsfjord og forbi Sverd i fjell, før me tok opp nokre bratte kneiker, og nærma oss den berykta Grisebakken, før målgang ved Ullandhaugtårnet. Eg var ikkje kjent og hadde trudd bakkane var lengre, tempoteknikken sit ikkje i ryggmargen min. Men eg kom meg i mål som nummer 2, utan å ha gjennomført eit perfekt løp, men var utruleg letta. Filip derimot, ein gammal «tempohest» som Roy sa, gav alt. Då han kom i mål på 28 minutter, 1,15 før nestemann, vart alle mållause. Ingen tvil om at han var ein verdig vinnar! Begge endte som sammenlagtvinnare, og begge med ca. 4 minutters margin. Det vart ei helg ganske utanom det vanlege. For min del, litt for intens. Eg har aldri leda eller vunne noko slikt. Men det var ei fantastisk oppleving - perfekt vêr, nydelige vegar, kjekke folk og utruleg bra opplegg!



Nokre bilder som syner at dette var veldig kjekt og litt hardt.... Alle bilder frå Haute Route org.


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar