tirsdag 6. august 2019

Vossevangen CK heilt på grenso!

50D0696
Rune i fin posisjon på sin lekre Scalpel.
Ikkje mykje å trekke for her!
Foto: Kondis/Bjørn Johannessen
Grenserittet går frå Strømstad til Halden, og har etablert seg som eit av dei største og mest prestisjefylde terrengritta i Noreg. Me hadde tre ryttarar til start, og alle sykla sterkt! Her kan de lese korleis Bjarte Vethe, Rune Herheim og Geir Karlsen opplevde dagen i skogar, på jorder og over svaberg i vakre Østfold.


Bjarte sin tur
Hei, her er ei lita rapport frå Grenserittet; kjørte løpet på lørdag, 80 km, med start i Strømstad og mål i Halden ved Fredriksten festning. Løypa veksler mellom grus og stier og kor løypa er
som ei berg og dalbane, altså ei jobbeløype. Varmt, tørt og veldig støvete. Kjente meg tung i kroppen dagen før, så veldig usikker på formen. Løpet gikk heilt greitt formmessig, men begynte å få kramper når det var 25 km att, klarte å halde krampene i sjakk og kom inn til 6.plass i klassen min på tida 2.45.43, av totalt 373. Det var totalt ca. 2300 deltakarar, eg vart nr. 33 totalt sett. Eit utruleg flott arrangement og god løype!

Rune sin tur
Eg var litt usikker før start korleis kroppen ville vera etter to helger med mykje stisykling i Valdres, men kjende meg ok. Bjarte og eg var samde om at i pulje 1 måtte me truleg stilla tullete tidleg til start for å ikkje hamna sist inn i grusbakkane. Det var fint vær, og me fekk også høve til ein prat med Geir Karlsen som måtte starta i pulje 2 fordi arrangøren ikkje akseptere kanontidene hans frå førre årtusen som seedingsgrunnlag. Starten gjekk og 150 halvgalne syklistar, der mange er imponerande sterke men ikkje gode nok til å vera med i eliteklassen, sette av garde. Då grusbakkane kom var eg ok plassert. Eg valde venstre kant i håp om at kanskje eg kunne sykla meg meir fram langs graskanten. Funka ikkje, ryttarar overalt. Så klarde diverre to karar å kvelva framfor meg og la seg ned og blokkerte på det brattaste partiet. Full propp i venstre del medan det fossa ryttarar forbi til høgre. Litt pinleg å høyra på austlendingar som bannar og skjeller vilt og hemningslaust viss dei vert hindra av noko eller nokon, men det var berre sveiva seg i gang att og prøva å jobba seg framover i feltet att. Kjende meg fin og pøste på. Etter nye 15 minutt sykling kom ei nedkøyring. Igjen klarde to å kålta rett framfor meg. Eg kjende at eg var lite interessert i å stoppa rett etter ein sving i ei nedkøyring når eg visste det kom ein haug med galne austlendingar på 95 kilo bak meg. Klarde å svinga utom, men igjen vart det luka og strekk i feltet. Etter å ha jaga nok ei gong, var eg igjen med i fyrste gruppa. Me nærma oss halvvegs og eg tok til å kjenna på at eg nok truleg hadde sløst altfor mykje med kreftene. Endra strategi og prøvde å la andre tetta luker og berre ligga på plassen min i terrenget i god kolonnekøyringsstil. Då rauk diverre strikken til frontgruppa, og dei 25 beste fekk luka som heldt heilt til mål. Då vart eg litt passiv, mista plassar i feltet, men etter dagens siste magadrag, så klarde eg å sykla meg opp til Bjarte og fem andre i Prestebakken. Me låg om lag 15 minutt i lag før me vart tekne att av ei større gruppa. Då kjende eg meg fin att, og var med framme og sette fart heilt til krampen slo til. Status var då 45 minutt til mål, ulmande krampar, lite krefter og tom for drikka. Gjekk inn i ein depresjon, gav frå meg plassen i front og la meg på halen. Der sleit eg som ein tulling og måtta stadig tetta luker når folk slapp. Elendig taktikk. Til slutt var me omlag 30 mann att i gruppa som eg og Bjarte sat i. Då me omtrent var i mål var det heilt god natt for meg og eg tapte 1 minutt dei siste 267 meterane, tom for krefter og drikka, og med krampar i beinmusklar eg ikkje visste eg hadde. Summa summarum, respektabel tid og plassering, men med litt færre velt og meir fornuftig bruk av kreftene, kunne det vorte ein knall dag. Grenserittet er uansett eit svært fartsfylt og variert ritt, med fin blanding av grus, terreng og asfalt. Det er ganske så intenst og med til tider unødvendig høg temperatur hjå nokre av ryttarane, men eg vonar dette truleg er verst i pulje 1. Vil difor tilrå rittet, for det er eit flott arrangement og passar særs godt som ein del av harry-ferie til Strømstad.

Geir sin tur
Etter 7 års fråvære stod eg atter opp "på natta" for å reisa til Strømstad for å sykla Grenserittet. Sidan 2012 har eg berre hatt startnummer på brystet 2 gonger: Bergen-Voss (2013) og Lillehammer-Oslo (2016). Einaste målsettinga var å få stadfesta at det kroppslege forfallet er heilt i rute. Tida frå 2012 på 2.41 hadde ikkje lenger noko seedingsmessig verdi, men ei deltaking på Elgrittet på vårparten førte meg i alle fall til pulje 2. Skulle gjerne hatt drahjelpa frå Bjarte og Rune i pulje 1, men slik vart det ikkje.

Ut i frå start posisjonerte meg passeleg i front i pulje 2, og låg jamt mellom 5. og 20. plass fram til ca halvvegs. Sidan mi førre deltaking for ørten år sidan har stiane tydelegvis blir meir humpete enn det eg i alle fall hugsa, og dei fyrste 4 mila kjem dei tett i tett. Trening i tekniske parti har ein ikkje dreve med i det heile teke. Vakre Bømoen finst jo ikkje er i Oslo der eg har folkeregistrert adresse. Så ut frå kvart stiparti vart det nokre luker der eg måtte ta kraftige magadrag for å tetta lukene. Det skulle etter kvart visa seg å kosta krefter i den sterke varmen. Det var nok på slutten ca 25 grader i skuggen og sol frå stort sett skyfri himmel.I eit teknisk parti ca halvvegs kolla sjølvsagt ein kar rett framføre meg og luka til fronten i feltet vart dermed stor. Når eg samstundes fekk kjenning av krampe (pga varmen eller formen?), fekk vondt i viljen og masse negative tankar vart denne luka ikkje tetta og fronten i pulje 2 på kanskje 10 mann forsvann for godt. Dei neste 3 milene vart me derfor berre 3-4 mann som måtte gjera heile jobben sjølv. Og ein av desse var ein sliten Frank Løke som hadde gått på ein smell og var teken att med 5. min frå pulje 1, og hadde lite køyretstyrke i denne fasen av løpet. Og då ryk minuttane fort, særskilt samanlikna med dei i pulje 1. Passeringstidene viser at eg var ca 2 min bak Bjarte og Rune halvvegs, og hhv ca 7 og 8 minutt etter i mål. Og siste halvdel av løpet er stort sett relativt flate grusvegar…. I løpet av dei siste 4 milene fekk eg god anledning til å uffa og stønna inni hovudet og tenka på kor godt det skulle bli å koma til mål og få seg noko pasta. Til slutt enda eg på tida 2.53.58 og 39. plass av totalt 435 i klasse 45-49 år. Men det er fælt så mange trente det er i denne pensjonistklassen min. Tida mi ville faktisk holdt til 23. plass i ungdomsklassen til Rune (40-44 år) til 11. plass i barneklassen 35-39 år. Totalt vart eg vel nr 135 av ca 2.500 (eks. eliteklassen og så er det vel 42 frå eliteklassen med betre tid). Summa summarum så fekk eg stadfesta at det aldersmessige forfallet er heilt i rute og at treningsgrunnlaget er for dårleg til å få handtert uforutsette hendingar i tekniske parti og tetta større luker når naudsynt. Samstundes ei god påminning om at her er det fort 5-6-7-8 minuttar å henta om ein tek seg ørlite saman og trenar berre pittelitt meir …

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar