søndag 28. juni 2020

Fana GP: Vossevangen CK i siget


Flatebø-expressen
I dag gjekk landevegsrittet Fana GP av stabelen i 'Rådalen rundt'-løypa ved Fana stadion. Vossevangen CK var godt representert med Sindre i seniorklassen, Thomas i juniorklassen, Marius i 15-16 årsklassen, Ola i 13-14 årsklassen og Kristin, Bjarte og Rune i masterklassane. Sindre køyrde nok eit sterkt ritt. Han måtte legga ned mykje arbeid undervegs i eit stadig mindre hovudfelt, men tok likevel alle i spurten bortsett frå ein og fekk dermed ein sterk andreplass. Kristin sykla saman med 15-16 årsklassen og hang svært godt med. Det heldt nesten heilt inn, og ei klar bestetid blant master kvinner. Thomas sin juniorklasse starta saman med seniorklassen. Det vart køyrt hardt og feltet sprakk, men Thomas
Bjarte før start
sykla godt og fann seg ei gruppa og tok ein fin sjetteplass. Marius var kanskje den som overraska mest i dag. I sin rittdebut var han råsterk heile vegen og tok ein sterk andreplass, sjå video av innspurten under! Ola fekk bryna seg mot ein del som er eit år eldre, men sykla godt og fekk også han ein fin sjetteplass. Masterklassen for herrer fekk smaka på ekta Bergensvér, men Bjarte og Rune sat fint med i hovudfeltet som på sisterunden var nede i omlag ti mann. Eit brot på tre ryttarar heldt inn, men Bjarte klinte til med ein spurt frå hine hårde dagar og tok seg ein lett klassesiger. Alt i alt, ein kjekk deg for vossingar i Bergen! Sjå resultat her: Fana GP og Fana GP Master, og les rittrapportane til Sindre, Kristin og Marius under!

Thomas i farta


Sindre sin rittrapport
Sindre og Thomas før start
Endelig klart for eit fellestart ritt og dette gjekk i Rådalen rundt løypa. Ti rundar på 6 kilometer, med ca. 30 mann til start i junior og seniorklassen. Det vart satt eit skikkelig høgt tempo frå start, og rykkene satt laust hjå alle mann. På runde 3 klarte ein frå Ringerike SK å riva seg laus i frå feltet. Han køyrde sterkt og draviljen til ryttarane i gruppa bak var ikkje stor, so luka hans auka sakte men sikkert. Eg og Mikal Iden gjorde mykje jobb i gruppa bak for å ikkje sleppe han for langt avgårde. Bergen Ck satt med 4 mann i gruppa bak men kun 1 av dei var delvis med å tok nokon føringar. Eg og Mikal prøvde opptil fleire gonger og støyta i frå feltet, men resten av Ringerike gutta taua oss inn igjen kvar gong. Dei hadde god kontroll på feltet, 1 mann i brudd og 3 mann i gruppa bak. Ut på nest siste runde var me ikkje meir enn 10 sekund bak mannen i tet og eg bestemte meg for å ta ein skikkelig føring for å prøve å hente han inn. Når me nesten hadde kontakt, kom da nye støt bakfrå og gruppa delte seg og eg havna i gruppa bak. Etter å ha lågge litt på hjul tok eg eit magadrag og klarte å køyra meg opp til gruppa i tet. Ut på sisterunden var det igjen støyting og ein annan frå Ringerike SK fekk nokre sekund. Igjen såg alle på Mikal og meg og forventa at me skulle køyra han inn. Me var ganske køyrd begge to etter mange kilometer i front, men me inngjekk ein liten allianse og vart einige om at han kunne køyra eit opptrekk til meg. Han køyrde knallsterkt og minka forspranget og eg klemte til alt det eg klarte inn mot mål, men klarte ikkje å passera han før målstreken. Vart dermed ein litt småsur 2. plass. Formen e bra og fornøyd med å ta spurten i gruppa bak, men vanskelig å køyra mot eit heilt lag som samarbeider godt.

Kristin sin rittrapport
Endeleg igang. Fana GP aka Rådalen rundt. I bilen på veg til ritt fekk eg kjensler eg nesten ikkje kjende igjen. Dei tunge beina eg prøvde å varma opp hadde derimot forstått kva som skulle skje. På startstreken fekk eg vita at seniordamene skulle starta med elite menn, det var ein liten skuffelse å ikkje få prøva meg mot dei. Men gutter 15-16 er galne og raske, så feltet var det ikkje noko å seia på. Som vanlig vart det sjokkstart og full spurt frå første slepp og etter alle hjørner. Heftig, eg tenkte på at alderen tek på, men eg har jo akkurat bikka 30. Det var kraftig motvind på langstrekket og pga vegarbeid ein ny bakke i løypa. Farten roa seg på kvart langstrekk og etterkvart kom eg meir inn i rytmen. Til slutt hang eg ikkje med dei beste, men eg gjorde det betre enn i fjor i sesongstarten. Må vera nøgd med det. Eg hadde det ganske kjekt, men neste gong skal eg smila litt meir. Kjekt med mange Vossevangarar på start. Det var fleire som hadde fått med seg at det var (spesielt ein) Vossevangar som gjorde det godt for tia. Stas. Eg håper eg får til flere ritt til høsten!

Marius sin rittrapport
Gjekk mykje i rykk og napp dei fyrste to rundane, men so roa det seg litt dei to neste. Eg prøvde å mista folk bak i feltet men va ingen som var sånn kjempevillig til å dra. So prøvde eg eit rykk før siste nedoverkjøringa og prøvde å få ei lita luke, men det tetta seg etter nedoverkjøringa og so hadde eg litt for mykje syra i beina på oppløpet til å ta da.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar