fredag 21. august 2020

Terrengritt i Bømoen UTSETT TIL 10. OKTOBER

PÅ GRUNN AV CORONA-SITUASJONEN MÅ ME UTSETJA RITTET TIL 10. OKTOBER!

(Dei som er påmeldt og kan delta 10. oktober treng ikkje føreta seg noko. Dei som er påmeldt men ikkje kan delta 10. oktober, dei kan ta kontakt med Leif Erik Garvik for å få attende startkontingenten).

Vossevangen CK skipar til det siste rittet i årets Sykkelbutikk-cup  i Bømoen den 10. oktober. 

Sjå meir info om rittet på våre sider for rittet.

søndag 9. august 2020

Siger til Rune og Hans-Inge i Offroad Valdres

Det var strålande innsats av Vossevangen CK i Offroad Valdres i helga. Dette er eit terrengritt på 130 km på Golsfjellet med stort sett berre stisykling og navigering etter GPS. I år var det deltakarrekord med over 60 lag, og Rune Herheim og Hans-Inge Klette stakk like godt av med sigeren etter ein spanande kappestrid med eit anna lag. Dei klokka til slutt inn på 7:28, dryge seks minutt før nummer to. Det vert også arrangert ein