søndag 9. august 2020

Siger til Rune og Hans-Inge i Offroad Valdres

Det var strålande innsats av Vossevangen CK i Offroad Valdres i helga. Dette er eit terrengritt på 130 km på Golsfjellet med stort sett berre stisykling og navigering etter GPS. I år var det deltakarrekord med over 60 lag, og Rune Herheim og Hans-Inge Klette stakk like godt av med sigeren etter ein spanande kappestrid med eit anna lag. Dei klokka til slutt inn på 7:28, dryge seks minutt før nummer to. Det vert også arrangert ein
klasse for lag som syklar halve distansen, og der tok Bjarte og Thomas Vethe ein solid andreplass. Odd Inge Jordalen og Paul Skeie imponerte også då dei fullførte heilvegsdistansen med noko tunt treningsgrunnlag. Sjå rittrapportar under, og sjå resultatlister her.

Rittrapport Rune og Hans-Inge
Så var helga komen der Hans-Inge og eg skulle sykla Offroad Valdres. Det er eit heftig terrengsykkelritt for to- og tremannslag på 13 mil med 90 % sti og utan merking slik at ein må navigera heile vegen etter GPS. Me hadde førebudd oss bra: Me har trent ein god del i lag, og hadde fått sykla gjennom mesteparten av traseen. Etter gjennomsyklinga bestemte me oss også for at eg skulle droppa go-sykkelen min og heller ta traktor’n på 13 kg, på med feite dekk proppa med guffe, fordi planen vår var å gje gass nedover og halda litt att oppover (eller rettare sagt: Hans-Inge skulle halda att oppover). I tillegg fokuserte me på å finna flyt, og manøvrera sykkelen slik at ein passar på å unngå uhell, særleg med dekk og bakgir. I tillegg skulle me venta til over halvvegs før me skulle presse på hardt. Til vår overrasking låg me på andreplass allereie på fyrste passering ved Storefjell. Dei neste timane hadde me los på tetlaget, og kunne sjå at dei var 1-2 minutt før oss. Me merka også at me tok litt innpå når det gjekk nedover, var teknisk eller myrete. Etter 8 mil var det obligatorisk stopp på ti minutt. Då var me berre 50 sekund bak, og etter stoppen bestemte me oss for å ta dei att. Det gjekk bra, og då vart me syklande saman med dei i ein halvtimes tid. Me låg litt bak fyrst og kjende at det gjekk ganske greit, samt at me såg at den eine på det andre laget sleit litt. Så la me oss fram og køyrde jamt på, men då hang dei på nokolunde greitt på ein lettsykla flytsti. Me fann ut at me måtte få dei fram att, fordi me hadde sett at dei hadde hatt nokre små feilnavigeringa tidlegare. Kunne vera greitt å gje dei sjansen til éin til … Me slapp dei fram, men då ville dei ikkje trø, så då vart det fem minutt med luretrilling. Så kom det ein nedoverbakke og farten auka naturleg, og brått brende dei ned til høgre 50 meter for tidleg. Då klinte me til og fekk ei lita luka. Den neste halvtimen hadde me bra trykk og auke nok med ein del minutt, og i mål var me dryge seks minutt før og laget på tredjeplass vart halvtimen bak. Ein utruleg kjekk dag på sykkelen på dei fantastiske stiane på Golsfjellet, men eg syns det var det klart tøffaste løypa av dei fem åra det har vore arrangert. Me må retta ein stor takk til utruleg god service frå Ørjan og Endeve sport, til Vossevangen CK som sponsa deltakinga vår, og til foreldra våre for supert support på matstasjonane. Alt i alt ei stor oppleving der me traff godt med førebuing, navivering, disponering av kreftene og god flyt teknisk.

Rittrapport Paul og Odd Inge (Team VossKomfort):
Odd-Inge og eg stilte til start i eit ritt me ikkje har køyrd før nokon av oss. Eg sjølv sleit lenge med halsinfeksjon i vår og mangel på trening samt heimekontor attmed brødboksen gjorde at det var mykje å henta inn då eg endeleg kunne byrja å trena igjen i mai.  Eit skikkeleg skippertak med mykje trening og lite mat gjorde at eg gjekk ned 10 kilo på to og ei halv veke.  Odd-Inge hadde også gått ned mykje sidan i vinter, men han var framleis 90 kg då han stilte til start.  Me skulle ha eit enkelt fokus, me køyrer som eit lag, og me skal ikkje ha krefter att når me kjem til mål. Det å bli tom for krefter viste seg enklare enn me hadde trudd. Etter å ha lagt bak oss 40 km byrja det å demra for oss kva me hadde gitt oss i kast med. Tala på sykkelkomputeren som viste kor langt det var igjen til mål stod nesten stille. Odd-Inge byrja å snakka om dårleg treningsgrunnlag og delte villig vekk sine negative tankar. Eg prøvde å minna han på at han er sterk som ein bjørn, men han ville ikkje høyra so eg fann det best å halda kjeft. På førehand hadde me snakka om at me sikkert begge to kunne gå fleire gonger i kjellaren og komma opp att på eit so langt ritt og det fekk me rett i. På dette tidspunktet hadde eg ganske friske bein og eg ville me skulle køyra forbi nokre danskar som me låg i ryggen på. Dei køyrde sakte i kneiker der eg trengte fart så eg måtte gå av sykkelen. Då eg kom meg forbi oppdaga eg etter ei stund at Odd-Inge ikkje var med og eg kom på at me skulle køyra som eit lag og eg stoppa for å sleppa forbi danskane.  Me klarte å halda kjetterske tankar om å bryta på avstand. Kanskje tanken på å komma heim med halen mellom beina var tilstrekkeleg avskrekkande til å motivere oss til å la det gå på fram, få krankarmane til å rotera. Navigeringa, som også var ei ny erfaring for oss, fungerte veldig bra, Odd-Inge sin Garmin og eg med min Wahoo heldt oss på rett spor, med eit par unntak som me fekk korrigert etter få meter. Flytstiane på Nystølsfjellet var eit av høgdepunkta for min del, nydeleg utsikt og fine stiar, fekk tatt eit par bilete også. På turen nedatt så eg ein kar som satt og fekk hjelp av lagkameraten sin nedafor ei brattur og eg tenkte at her må eg stoppe og gå av sykkelen så eg slepp å komma i samme situasjon. Eg skulle berre sykle litt til, men då eg ville stoppe var det allereie for seint, eg fekk ikkje foten ut av pedalen og eg velta uelegant ned til høgre, landa i nokre busker og lyng som tok av for det verste av fallet og sykkelen kom flygende etter og landa nedafor meg. Eg kjende med ein gong at dette gjekk ganske bra, eit skrap på innsida av venstre kne med eit godt søkk inn i muskelen var det verste eg kunne registrere, eg tok sykkelen og spurte korleis det gjekk med han som låg der frå før korleis det stod til. Kompisen hans hadde alt lagt på bandasje, han hadde eit djupt kutt i leggen, men dei sa at dei ikke trengte hjelp så me fortsette nedover. Eg køyrde litt meir forsiktig etterpå og Odd-Inge leda an. Me tykte det varte og rakk før me kom ned til hovedmatstasjonen på Heia Merket, det var ein god del parti med myr som sugde krefter. Endeleg framme på hovedmatstasjonen fekk me ein gul lapp som sa kva tid dei ti obligatoriske minutta hadde gått og me kunne køyre ut att. Her stod bilen med baggene våre og me åt og drakk cola, me spylte syklane og me gjekk og fekk oss ein varm og god kjøttsuppe. Me forhasta oss ikkje på matstasjonen og dei ti obligatoriske minutta vart utvida med 14 minutt. Då me endeleg byrja sykla att var mine litt mørbanka bein stokk stive, medan Odd-Inge var meir klar for å gje gass. Eg hadde meir enn nok med å halde fylgje med Odd-Inge den neste halve timen, men so vart beina varme att og det byrja fungere betre. Etter matstasjon ved Hovrudvegen skulle me opp ein bratt bakke og Odd-Inge kom på at han hadde krefter igjen som han ville bli kvitt jamfør målet om å vera tom når me kom til mål. Me passerte seks-sju ryttarar opp denne bakken og me fekk ein liten mental boost av det. Etter kvart normaliserte tempoet seg og me byrja å lengta etter å komme til toppen på Gribbe 1047 moh. Her var Odd-Inge kjent fordi han hadde vore her saman med Frode Atterås helga før. Etter Gribbe gjekk det nedover, men det var mange parti med myr og pøyser og pøysene kunne vera 10 eller 80 cm djupe, det måtte du berre finne ut når du køyrde uti dei. Odd-Inge meinte det var litt som å vera på spa, eg velta overende i ei pøyse og eg vart litt uroa over om iPhonen i lomma ville tåle det, det vil vise seg når me kjem til mål tenkte eg. På rittmøtet vart det opplyst at det var bratt nedkøyring på slutten ned mot Leira og Odd-Inge ville køyra den alternative og slakare B-ruta som var 5 km lengre. Eg var veldig lite sugen på 5 ekstra km så eg klarte overtale Odd-Inge til å ta den bratte, me kunne berre bera sykkelen om det vart for bratt. Det gjekk bra, men etter det brattaste kom det eit parti med litt bratt, men fin sti der me kunne køyre ganske fort over mange minutt noko som gjorde sitt til at me vart heilt utkøyrd i fingrane som heldt i bremsene. Me kom til mål til slutt, fint ferdige og lukkelege over å ha komme til mål, det var på ingen måte opplagt i løpet av rittet at det skulle gå slik. Då me vart intervjua i målområdet, noko alle vart, fekk me vita at Rune og Hans-Inge hadde vunne lagkonkurransen på Heilvegs og at Thomas og Bjarte hadde vorte nummer to på Halvvegs, det var veldig stas for oss og for klubben. Odd-Inge og min sin seier var meir på det personlege planet, me vann den mentale krigen etter å ha gitt oss i kast med ei utfordring som me visste var tøff, men som viste seg å vera endå tøffare. Etter mine begrep var rittet hardare enn Jotunheimen Rundt og Trondheim-Oslo.  I terrenget får du ingenting gratis, du må jobba heile tida. Når ein ser vekk fra dei våte og myrete partia som skuldast den snøtunge vinteren og den våte sommaren så var det eit flott ritt. Odd-Inge sa aldri meir då me kom til mål, eg seier kanskje. Heldigvis har me ei tid som det skal vera mogeleg å forbedre i mange år framover, no er lista lagt.


Rune og Hans-Inge undervegs (Foto: Ola Morken)
Premieutdeling Hans-Inge og Rune (Foto: Stian Ulberg)
Bjarte og Thomas på pallen (Foto: Siren Vethe)

Bjarte og Thomas i mål (Foto: Siren Vethe)

Odd Inge i mål, mjuk og fin (Foto: Paul)

Odd Inge undervegs (Foto: Paul'n)

Paul i mål (Foto: Oddis trur eg)

Rune i mål, ganske nøgd (Foto: Ola Morken)

1 kommentar:

  1. Casino | Dr.MCD
    We 성남 출장마사지 work with more than 20 industry leaders to bring our casinos closer to the action! Las Vegas 부산광역 출장안마 Casino Directory; Casino 안성 출장샵 Rewards Casino; 동두천 출장안마 The Hotel  Rating: 3.2 · ‎2 reviews 당진 출장샵

    SvarSlett