mandag 7. juni 2021

Kristin nr. 9 i fyrste NC-helg landeveg

I helga som var gjekk årets fyrste Noregs-køpp runde for landevegssykling av stabelen i Stjørdal. Kristin Eidsheim Sønnesyn fekk med seg både tempoen på laurdag og fellesstartrittet på sundag. Etter ein uheldig navigeringssvikt på laurdagen slo Kristin til med eit kjemperitt og 9. plass sundagen. Me gratulerer! Sjå resultat her og les Kristin sine rittrapportar under.

Dag 1 - tempo: Kupert tempo skulle vera noko for meg. Men eg sykla feil. Kort sagt. Sånn kan det gå med eit stressa hovud. Betre lukke neste gong. Kroppen kjendes bra, men eg har ikke knekt tempokoden enno.

Dag 2 - fellesstart: Mykje nerver. Usikkerhet om det skulle regna. Masteren køyrde til den første bratte kneika, og eg var redd det skulle sprengast allereie der. Eg satt fint med i bakken og etterpå var det mykje nedoverbakker. Ganske skummelt å sitta i felt med mange folk som ikke har køyrd ritt på lenge … Eg trur ingen skada seg. Det var mykje motvind i delar av løypa. Prøvde å halda meg bak, men leggja meg fram i bakkane. Det vart køyrd ganske hardt, men kontrollert, i bakkane dei første rundane, og folk fall av etterkvart. Juniorane skulle i mål på runde 4. I den siste bakkane før deira målgang, vart det også køyrd skikkelig hardt av seniorene. Då vart det action. Det var ei som stakk i brot og hadde (så langt eg veit) på det meste ca. 50 sekunder. Det hadde vore fleire som prøvde seg før det. På siste runden vart det fleire brotforsøk. I nest siste bakken var det så hardt og eg held på å dette av. Men eg tok meg saman og kom meg opp på hjul. I den siste bakken havna eg bak ei som eg ikke kom meg forbi, men då det flata ut, støta eg meg opp til gruppa framfor. Eg låg på hjul til spurten nerma seg. Eg opna nok litt tidleg, men eg hadde så lyst til å slå ei av damene eg har sykla mot tidlegare, at eg berre måtte køyra. Og eg kom i mål på 9. plass. Kjekt! Trøytt. NM neste…!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar