mandag 27. februar 2012

Knallsterke 1.plassar i BKK-turrenn på Dalane

Mange flotte prestasjonar på Bulken i helga. Rapportar melder om gnistrande skiføre i flott vinterver.

Einar Bystøl gjekk inn til siger i klasse 51-55 år. med den gode tida 57.11. Einar var berre 5m og 30s bak totalvinnar Kristen Skjeldal, som i tillegg sat løyperekord. Arnstein Ringheim tok ein knallsterk siger i klasse menn 31-35 år med tida 59.49. Rennet som gjekk i Dalane skisenter er 22 km langt i tildels krevande og harde løyper. Nikolai Hanevik tok klassesiger i 19-20 årsklassen under 3 minutt etter Kristen. Einar Trefall gjekk i mål med tida 54.02 som held til ein andreplass totalt i rennet.

Nikolai og Mjelden på pallen

Mange gode prestasjonar som viser at vossevangarane ikkje ligg på latsida gjennom vinteren. Blir spennande å setja sykkel mellom beina på desse spreke karane om ein månad eller to...

Me gratulerer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar