søndag 27. mai 2012

Rong med rå rittdebut i Nordhordland rundt

I dag gjekk turrittet Nordhordland Rundt av stabelen i glitrande sumarver. Vossevangen CK stilte med fire ryttarar. Jørund Rong debuterte i rittet og mot slutten opp Litleskare sprengde han alt som var att av den 3. beste startpulja. Rong fekk tida 2:20:11 og var med det berre dryge 7 minutt bak vinnaren. Odd Inge Jordalen og Rune Herheim stilte i den på papiret raskaste pulja, pulje 1, men var begge uheldige. Odd Inge laut diverre bryta etter punktering. Rune måtte stogga for ein velt og mista teten på grunn av det, men kom seg i mål på 2:18:03. Jarle Søtvik viste at den gode tida frå Skjærgårdsrittet ikkje var eit blaff og kom inn på 2:21:34. Sjå resultat på våre resultatsider.


Alle fire fine VCK-arane, lette og fine etter målgang.

Ein skummel episode hende på vegen heim for Jørund og Rune. Jørund tok etter dusjen ein dobbel dose recover på styrten. Dette resulterte i akutte magesmerter, og me hadde ikkje kome lenger enn til bensen på Haukås før Rongen laut vrenga bilen tå vegen. Han inntok ei slags sitjande foster-hukstilling - og der vart han verande. Rune kjøpte to Nox og ei Cola, og då kom han seg. Men, me var ikkje komne lenger enn til Arna før Jørund ronga bilen ned til Øyrane torg. Han kom utatt og strålte so ei sol. I fylgje Rong sjølv so hadde det smålle so børseskot. Etter dette var me alle samde om at det hadde vore ein fin dag, samt at éin recover i gongen er nok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar