mandag 30. juli 2012

Vidar Mehl nr. 7 i NM terreng maraton!

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, vart i helga nr. 7 i NM terreng maraton som vart arrangert i samband med turrittet Å i Heiane i Birkenes. Her var heile noregseliten samla i ei svært krevjande løype som virkeleg skilde mellom ryttarane. Les meir på Vidar sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.

søndag 29. juli 2012

Hardingrittet - 28.07.2012

Medan Alexander Kristoff tok OL-bronse på sin Canyon, stilte fleire Vossevangarar til start i Hardingrittet i dag. Rittet går frå Utne, inn langs vestsida på Sørfjorden til Odda, og attende på auststida til Lofthus. Vossevangen CK sin eigen Nils Asbjørn Lie har sendt fylgjande rapport frå rittet:

lørdag 21. juli 2012

Vidar Mehl vann Valdresrittet!

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, vann i dag Valdresrittet. Fine værforhold, rekorddeltaking og eit stort og sterkt elitefelt med fire mann frå Vossevangen CK stod på dagens agenda. I tillegg sykla Dag Christensen og Ida Christensen i trimklassen. Bjarte Vethe er ikkje kvitt kyssesjuka og måtte diverre stå over. Vidar vann spurten mot Carl Fredrik Hagen og Thomas Dahlsrud på den sterke tida 1:44:00. Les meir på Vidar sin blogg. Rune vart nummer 26 med 1:57:03, Nikolai vart nr. 31 med 1:57:19 og Carsten vart nr. 43 med 2:00:48. Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 14. juli 2012

Molde challenge: Tor Halvor nr. 1 og Vidar nr. 6!

Det 4. rittet i Norgescup terreng, Molde challenge, vart stor sukksess for Vossevangen CK. Tor Halvor Bjørnstad gjorde ein kjempeprestasjon og vann heile rittet, og Vidar Mehl sette ny personleg rekord i Norgescup med 6. plass. Gratulerer, karar!

Les meir på Vidar sin blogg, og sjå resultat på våre resultatsider.

mandag 9. juli 2012

Odda-Bø

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, deltok i helga i rittet Odda-Bø. Han sat med tetgruppa heilt til 145 km var køyrd. Då rauk to eiker i bakhjulet og han måtte venta på å få nytt hjul. Då vart det for langt å henta inn att teten, og på grunn av at han ikkje er heilt fri frå forkjøling så valde han å stå av. Sjå resultat på våre resultatsider.

søndag 8. juli 2012

Jotunheimen rundt/Sognefjellsrittet, 6.-7. juli

Fredag kl. 21.00 gjekk starten for Jotunheimen rundt 2012. Odd Inge Jordalen representerte Vossevangen CK i dette knallharde rittet. Odd Inge sat fint med andre pulje opp til Fagernes, der han måtte bryta pga. helseproblem. Synd for Odd Inge, so kjem sterkare attende!

Paul Skeie (BCK), sat med fyrste pulja heilt inn! Paul kom i mål på råsterke 12:58,59 og delt andreplass. Kenneth Fegri (Team Gran Sport) sigra etter å ha rykka i frå fyrste pulje opp til Sognefjellet. Vinnartida var i år sterke 12:47,33.

Laurdag var det Sognefjellsrittet frå Lom til Sogndal. Vossevangen CK stilte med Frode Atterås, Rune Herheim og Jørund Rong. Dei sat alle med i fronten av feltet oppover Bøverdalen. Då stiginga opp mot Sognefjellet starta, klarte ei gruppe å kome seg laus. Rune og Jørund var sitjande i lag i ei mindre gruppe bak. Pga. manglande langingskapasitet på Sognefjellet, måtte ryttarane sjølve stogga for å finna seg drikka. Jørund og Rune laut arbeida godt for å køyra inn att feltet sitt etter dette, men klarte det før nedkøyringa mot Lustrafjorden. Rune og Jørund kom inn på 4:05 (med velt i siste rundkøyring, der Rong gjekk i asfalten so det song, og tok med seg ein heil bøling) og Frode kom inn på 4:23 og alle var godt nøgde. Eit sterkt vinnarfelt gjekk inn på 3:45 og ny løyperekord! Sjå resultat på våre resultatsider.