lørdag 22. september 2012

Klubbmeisterskap og årsfest 2012 i boks!

Fredag 21.9 vart Vossevangen sitt klubbmeisterskap 2012 avvikla i glitrande haustvær. Nikolai Hanevik vart ein suveren klubbmeister for herrer, medan Silje Rafaelsen vart kåra til vår fyrste kvinnelege klubbmeister (trass i visse forviklingar)! God deltaking og folk tok i det dei makta - veldig bra. På kvelden var det ein særs vellukka årsfest i ein fullstappa Atterås-heim med utdeling av viktige og mindre viktige prisar, og sjølvsagt feiring av årets klubbmeister. Trykk les meir for å få tilgang til detaljar, bilete og film!

Johnny-prisen skulle i år i utgangspunktet ikkje utdelast då juryen ikkje hadde funne verdige kandidatar. Men, på årets viktigaste ritt, klubbmeisterskapet til VCK, starta Silje H. Rafaelsen på feil plass samt at ho sykla feil i det einaste krysset i rittet. Silje vart difor tildelt Johnny-prisen, trass i at ho sjølv ikkje var skuld i forviklingane. Motgangsprisen vart delt mellom Nils Een og Asbjørn Tveit som begge har hatt eit skadeplaga år. Årets kjeda gjekk til Rune for teknisk tull både på Sognefjellsrittet, Klosterrittet og Birken. Framgangsprisen vart tildelt Kjell Olav Tryti for persing med 1 time både på Birken og Bergen-Voss. Å sykla under 6 timar på B-V er ein prestasjon når me veit han syklar i klassen for dei mellom 2-3 meter og 0,1-0,2 tonn. Årets prestasjonar vart tildelt Vidar Mehl for mange sterke terrengritt som gav han 5. plass samanlagt i Norgescup terrengmaraton, Bjarte Vethe for pallplass på landevegsbirken, Skarverittet og Klosterrittet, i vinnarpulja på Color Line Tour og seksvassrunden samt Birken på under 3 timar, Nikolai Hanevik for 12 plass i Norgescupklassen på Skarverittet, i vinnarpuja på Os rundt og Seksvassrunden, siger på Den grøne sløyfa og toppplasseringar i Bergsdalen opp, Rett vest og Klosterrittet, samt Birken på 3 blank og Vebjørn Turveit for 4. plassen på årets Bergen-Voss.
Me gratulerer prisvinnarane, og seier takk til rittansvarlege Anton Hanevik og Dag Christensen, samt filmcrewet Rong & Røthe.

Sjå "Klubbmeisterskaper 2012 - The movie":

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar