onsdag 1. mai 2013

Nikolai i vinnarpulja på Os Rundt

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, sat inn med vinnarpulja i dagens Os rundt. Nikolai har skrive fylgjande rittrapport:

"Årets Os rundt gjekk som alltid på 1.mai, og sjølv om værprognosane meldte 4 grader, sludd og regn, slapp me unna med med opphaldsvær. Etter eit par veke med sure og stive bein, var eg spent på formen. Mange gode namn på startlisto, men
kun 1 som representerte «Vossevangen CK».

Etter fyrste bakken (Mobergsbakken) etter ca. 1 km, hold feltet seg til stigningo opp til Fanafjell, rittets (einaste) lengste bakke. Sat godt framme i feltet, og det kjentes overraskande greitt ut! Fire mann var fyrst over toppen, der to hadde rykka før bakken byrja. Eg var med teten i «hovudfeltet» som følgte bak, ca. 8 mann.

Kvartetten i front blei tatt igjen, og siste 20 min. var me ei 12 mannsgruppe som arbeida greitt ilag inn mot mål. På dei siste kilometrane blei det lurekøyring i gruppa, med mange «brotforsøk». Men, i den sterke motvinden var det ingen som klarte å komma seg «laus» frå gruppa. I siste sving sat eg godt framme, men nokon stor spurtar har eg aldri vore (sei nokren i familien), så eg kom ca. 3 sek bak vinnar.

Ellers var det eit fint ritt og god trening, og det kjenst godt å vere «offisielt» i gong med rittsesongen.

Nikken

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar