søndag 26. mai 2013

Vossevangen CK i farta på NH-rundt

I dag stilte Vossevangen CK med mange ryttarar på landevegsrittet Nordhordland rundt. Rittet er 90 km langt og går gjennom vakkert kystlandskap. Eirik Tvedt Aastvedt fekk den sterka tida 2:25:37, og May Lisbeth Flo fekk tida 3:26:56. I frå VCK sitt Bergen-Voss lagkonkurranselag stilte 11 mann. Dei sykla godt og
9 mann kom inn 2:21:46. Det vil seia, Nikolai Hanevik fekk gje gass i siste stigninga og kom inn på 2:19:54. Frode Atterås måtte diverre gje ei lita luka på slutten og kom inn på 2:23:55. Jarle Søtvik er framleis ikkje heilt frisk att etter sjukdom og måtte sleppa 11-mannstoget halvvegs og fekk tida 2:38:47. Sjå resultat på våre resultatsider.


Frode i humør
Trening på å festa fast syklar før fuglane fis
Journalistar frå avisa Nordhordland heiv seg over oss då me kom i mål. I nettsaki står fylgjande: "Ein gjeng med temposyklistar frå Voss var først over målstreken under Nordhordland Rundt i dag, men det var berre fordi dei starta klokka 09.30, i felt med dei som normalt brukar lengst tid gjennom løypa. Førstemann av vossingane kom i mål på rundt 2.20, noko som er ei svært respektabel tid. Det var likevel eit stykke opp til dei beste i den førsteseeda pulja." http://www.nordhordland.no/sport/article6675672.ece

Frøken Flo tek ansvar for kvinneandelen
Magnus, Njål, Jarle, Jon Arild og Jørund før start
Magnus, Njål og Jarle før start


Nikolai i humør
Lagleiar optimistisk før start
Nikolai lagar luke når han kvittar seg med ein vest






Tett og fint
Leiaren var i kjellar'n i dag


Journalistane var over oss som ulvar, men me gjer oss kostbare


Laget pluss Stine og veslejenta. Jarle manglar!


Nikolai framleis i humør





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar