søndag 14. juli 2013

Molde Challenge

I går vart 3. rittet i Norgescup terreng maraton arrangert: Molde Challenge. Vossevangen CK hadde to med: Vidar Mehl og Nikolai Hanevik. Vidar måtte gje framhjulet sitt til lagkameraten Lars Granberg, som kjempar om samanlagtsigeren i norgescupen, då Lars punkterte. Då vart diverre Vidar tvungen til å
bryta. Les meir på Vidar sin blogg. Nikolai sykla inn til ein fin 20. plass med tida 3:19:30. Les Nikolai sin rittrapport under. Carl Fredrik Hagen var suveren med tida 2:58:47. Tidlegare Vossevangen CK syklist, Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng, kom inn på ein sterk 4. plass. Sjå resultat på våre resultatsider.

"Denne helga stod Molde Challenge for tur, Norgescup Maraton terreng. Etter ein lang biltur gjennom flott natur, kom me fram til Molde fredags ettermiddag, og beina føltes bra ut. Ryktene snakka om ei knallhard løype, med mange høgdemeter og ein del terreng.
På sjølve rittdagen vakna me opp til skikkeleg drittvær, 10 grader og pissregn. Ut frå start var feltet samla, og eg hang grett med. Mot toppen av den fyrste lange stigninga, braut det ei 10-manns gruppe laus, og eg sat i gruppa bak. Denne bakken skulle me som sykla norgescup opp 3 gongar, her var det berre å bita seg fast. Låg i lag med ein annan ryttar, ca. 12. plass. Måtte sleppe han, og blei forbipassert av ein til, før eg låg i ei gruppe med 3 andre, rundt 14. plass. Då var eg ferdig med dei «tre rundane» som norgescup skulle gjennom, og no var det strake vegen mot mål, sykla ca. 45-50 km av i alt 75 km. Men så kom det ein lang og sugande bakke (som Vidar hadde advart om), som aldri tok slutt. Denne bakken tok tydelig på, for i nedforkøyringa og flatane etterpå blei beina tunge som bly, og eg måtte sleppe dei 3 andre. Flatane var unormalt tunge, og ein ny drusar bakke tok totalt knekken på meg, og smellen var eit faktum.

Knekte meg inn til mål, tapte mykje på dei siste 10 km. Dei siste 5 km var kun nedoverbakke, og der gjekk det seint. Men kom meg i mål, ein hard dag. Men etter målgang såg me at bakhjulet knapt gjekk rundt då me «snurra det», dvs. at bremsen låg bortpå bremseskjevo. Mykje drit frå løypa gjorde nok sitt for at bremsane ikkje fungerte optimalt! Men smellen hadde sikkert komme uansett, mange andre som sleit med dårlege bremser ned siste mot mål.
Elles var det eit fint ritt, med bra ramme rundt med start og målgang i Molde sentrum. Sjølv om det var til dels blaute forhold i løypa, frister det til gjenntakelse."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar