lørdag 20. juli 2013

Vidar med sterk andreplass i Valdresrittet

Valdresrittet vart i dag avvikla i strålande solskin på Vaset. Ryttarane forserte 54 kilometer med mykje terreng, ein del grus, sugande motbakkar og vind-i-håret utforkøyringar. Det var mange sterke ryttarar på startstreken. Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team tok ein sterk andreplass med tida 1:46:11, 34 sekund bak
vinnaren Carl Fredrik Hagen frå Team Oslo Sportslager. Vidar var nøgd etter rittet, både fordi han var kort tid bak vinnaren og fordi det fylgde fleire sterke namn etter han på resultatlista. Vossevangen CK hadde tre ryttarar til i eliteklassen: Nikolai Hanevik tok ein 16. plass med tida 1:52:47, Bjarte Vethe vart nr. 23 med tida 1:56:01 og Rune Herheim vart nr. 33 med tida 1:59:23. Nils Asbjørn Lie debuterte som terrengsyklist med den sterke tida 2:10:09.

Nikolai i mål
Vidar i mål
Nikolai hadde fylgjande kommentar etter rittet: "Eg mista tetpulja 100 meter før fyrste terrengparti, då var det syra. Men låg i 2. pulja, ein 7-8 mann. Etter matstasjon (ca. halvvegs), fekk eg da tungt, og måtte sleppe dei. Etter å ha blitt henta av ein ryttar, sykla eg i lag med han inn til mål. Ok nøgd, 16. plass. Men, har ein del å gå på!

Bjarte hadde fylgjande kommentar: "Flott løypa og område. Dette var fyrste rittet etter Trondheim-Oslo, og beina var nokså tunge. Eg mista òg kjedet i det fyrste terrengpartiet, og då forsvann gruppa eg sat i. Men, godt å koma i gang med terrengritt."


Bjarte i mål
Rune i mål
Rune hadde fylgjande kommentar: "Etter ein del stigning skulle me inn på fyrste terrengparti. Då hadde eg klard å sykla meg opp til Bjarte og me var ca. 40? sekund bak teten. Gjekk greit med 26-ar i terrenget, men tapte litt. Fram til ein drøy halvtime før mål hadde eg framleis Bjarte 128 meter framom meg og eg var godt nøgd med form og plassering. Då fauk eg plutseleg litt over styret. Alt som var laust for hit og dit, og kjedo hadde kilt seg noko salig. Mista flyt og dei to spreke, trivlege karane eg sykla i lag med. Uansett, ein flott ritt, makalaust vær og ein fin tur austom."


Nils Asbjørn Lie
Nils Asbjørn sa fylgjande etter målgang: "Steike meg, dette var artig. Pokker kor eg slit i bakkane. Eg er heilt ferdig. Eg har ilt i magen. Koffø klara ikkje folk å halda bakhjulet mitt på flatane?"

Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar