fredag 13. september 2013

Viktig informasjon

Trykk les meir for å få informasjon om lagsmeisterskapen, årsfesten, fellestreningar haust/vinter 2013-14, treningsleir på Mallorca våren 2014 samt om stønadsvedtekter.

Lagsmeisterskap: Årets viktigaste ritt vert skipa til 28.09.2013 med start kl. 16:30. Løypa er i år ein relativ kort fellesstart frå Seim i Granvin til toppen av Skjervet! Her må alle stilla! Me har to klassar: ”sundagstur” og ”full gass”. Premiar i ymse kategoriar vert utdelt på Årsfesten!

Årsfest: Årets viktigaste fest! Laurdag 28.09.2013 kl. 19:30, hjå Olav Dugstad (Dugstadfossen, Downtown Skulestadmo). Me oppsummerer sesongen, god mat (tapas) og mykje moro! Eigenbetaling: 200,- til konto 3480.11.59526. Ta med ein betre halvdel og meld dykk på til Olav Dugstad innan måndag 23.09, mob: 99 36 82 44, epost; olavdug@hotmail.com

Fellestreningar haust/vinter 2013-2014: Som ein klubb med ambisjonar vil me ha fellestreningar frametter mot ny sesong! I tillegg til at mange trenar langrenn, randonee og barmark m.m., lyt me ha eit fast opplegg rundt sykkel/spinning og eventuelt styrkje. Me kjem attende til detaljar kring treningane, men me vil gjerne ha attendemeldingar, og legg difor opp til ei avstemming på ”Fjesboksida” vår. Kjem plutseleg!

Treningsleir på Mallorca, våren 2014: Vossevangen CK tek sikte på treningsleir på Mallorca. Odd Inge har lagt ut melding om saki på Fjesboksida vår. Det er sein påske i år, men me tek sikte på å reisa rundt torsdag 10.04, dvs. torsdag før Palmehelga. Klubben sponsar kvart medlem med NOK 1.000,- til denne treningsturen! Me satsar på eit godt treningsopplegg for alle, tilpassa nivået til dei som er med!

Stønadsvedtekter: Styret i Vossevangen CK fekk i oppdrag av årsmøtet å utarbeida nye rettingsliner for tildeling av stønad. Vedtektene omhandlar både stønad til breidde og til dei som satsar ekstra. Søknadsfrist for komande sesong er sett til 31.12.2013. Du finn stønadsvedtektene på heimesida vår under medlemsinfo!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar