onsdag 23. april 2014

Nikolai vann Continentalcuprittet i dag

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, opna i dag sigerskontoen då han vann det fyrste rittet i Continentalcupen. Dette er ein cup med fem rundbaneritt for terrengsykling. Dagens ritt gjekk på Krohnegården/Melkeplassen i Bergen. Nummer to vart fjorårets klart sterkaste ryttar i Continentalcupen, Kristian Ellertsen, Fana Sykkel. Resultat finn du på våre resultatsider. Klikk på les meir for å sjå Nikolai sin kommentar samt bilete:

"I kveld var eg med på rundbaneritt på Khronegården, fyrste ritt i årets Continentalcup. Løypa var lik som i fjor, rask og teknisk rundt i «skogjen». Tørre forhold og varmt i været, meget oppegåande. Ut frå start opna Ellertsen som ein propell, og fekk nokre sekunds leiing. Etter eit par motbakker var eg nesten oppe i ryggen på han, men fekk då ei granbusk inn i bakgiret. Klundra litt før eg måtte stoppe og dra ut greina, som hadde kilt seg skikkeleg fast. Tapte 1 plassering, og 1. plassen sigla avgårde. Då tenkte eg at alt håp var ute, men på neste runde var det Eilertsen som hadde tekniske problem med bakgiret. Køyrte ifrå, og fekk ei god leiing. På dei neste rundane sykla eg aleine i front, og trudde sigeren var sikra. Men bak sykla Eilertsen fort, og jakta siger. Klarte å halde han bak, og knekte meg inn til 1.plass. Greitt nøgd med rittet, den fysiske formen er bra, men teknisk har eg mykje å hente! Flott gjennomført ritt av arrangøren, og eg gleder meg til neste ritt i Continentalcupen på Totland i mai".

(Foto: Michal Janocko)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar