onsdag 21. mai 2014

Nikolai vann Continentalcupritt på Totland

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, held fram i vinnarsporet med terrengsykkelen sin. I dag vann han ritt nr. 2 i Continentalcupen. Rittet vart arrangert i ei rundbaneløype på Totland, Fana.

Nikolai seier fylgjande om dagens siger:"I kveld var eg med på årets andre ritt i Continentalcupen, som gjekk av stabelen på Totland. Løypa bestod av ein hard runde med mykje stigning, og denne skulle syklast 8 gonger. Tok teten ut frå start og på dei to fyrste rundane hang det to ryttarar delvis på. Men etter kvart fekk eg ei grei luke som berre auka til mål. Været var småfriskt, med mykje regn og til dels sur vind. Mesteparten av løypa gjekk på grus, men det var eit par blaute parti som gjorde sitt til at det blei ein «skjeten» affære. Eit kjekt ritt og kanon trening".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar