søndag 25. mai 2014

Seksvassrunden: framifrå innsats av VCK

Vossevangen CK hadde ein storveges dag på Seksvassrunden 2014. Silje Hjorth Rafaelsen tok heim sigeren i dameklassen med 2:27:47, og Nikolai Hanevik og Kjetil Isaksen vann herreklassen (saman med 4 andre) på ny løyperekord, 2:06:52. Jørund Rong, Johnny Gjerald og Bjarte Vethe delte 8. plassen med 2:15:32. Imponerande innsats av Jørund, og bra for Bjarte å koma i gang att etter mange veker med sjukdom. Vossevangen CK hadde totalt med heile 18 ryttarar i dag, og mange av desse var spreke ungdomar. Det er svært gledeleg. Sjå resultat på våre resultatsider og ikkje minst ta ein kikk på våre film-sider. Der kan du mellom anna sjå årets Seksvassrunde ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar