mandag 7. juli 2014

Johnny nr. 10 i NM masters

Johnny Gjerald, Vossevangen CK, er attende i sterk form på sykkelsetet. I helga tok han ein sterk 10. plass i landevegs-NM i klasse M35-39. Det vart køyrd 7 runder i ei hard rundløypa i Oslo, og eine bakken med 18 % stigning vart hard når han skulle syklast 7 gonger. Sjå resultat på våre resultatsider.

Rittrapport frå J-boy;

"Sundag 6. juli vart det klart for årets Master NM. Det var en varm dag i Oslo, lett overska. Eg følte meg i bra form, litt tunge bein, så var spent på dagens køyr. Sju rundar på 18 km, med ein ”monsterbakke” på 18 % kvar runde, kunne jo ta motivasjonen fra kvar og ein av oss!
Eg satt godt med på fyrste runde, som gjekk fort. Me fekk eit skybrot tidleg, det gjekk nokre velt, heldigvis klarte eg meg. Dei neste rundane vart tempoet noko lågare, men framleis datt rytterar av  pga farten. På nest siste runde gjekk det eit brudd med tre stk, kun ein i min klasse. Eg vurderte å køyre med dei, men trudde feltet tok oss att, så eg roa ned litt, noko so var dumt.... Dette bruddet gjekk inn, medan eg satt i hovedfeltet. Den siste runden var tøff, alle ville frem, men ingen ville dra. I siste bakken var me ni stk samla, men her tok kreftene mine slutt. Med krampe og fullstendig tom, kom eg inn til flott 10.-plass, kun 10 sekund bak 2.-plassen.
Eg er fornøyd med eige innsats, 10.plass av 51 startande og 27 fullførde, er bra!!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar