tirsdag 12. august 2014

Klosterrittet 2014

Vossevangen CK hadde tre mann med på Klosterrittet i helga. Klosterrittet er eit variert og artig terrengritt som går på grusvegar og skiløyper på Totland og Bontveit. Våre menn var Nils Asbjørn Lie, Cato Vivelid Nilssen og Kjell Olav Tryti. Nils Asbjørn skriv fylgjande i ein kommentar: "Eg har alt takka arrangørane for flott arrangement, og hadde berre beina og kroppen vore like bra så skulle det ha vorte ei knallgod tid! Men slik gjekk det ikkje, Klosterrittet krev sine bein. Mange høgdemeter på kort tid, og du får aldri tid til å henta deg inn igjen. Er som kjent flink til å sprengopne, og med min form i år så vart det ein rask tur i kjellaren. Tok ca. 2.40.55 å koma ut derifrå igjen! Har prøvd å analysera meg til betre resultat samanlikna med i fjor, men det går ikkje det heller. Då får eg heller la meg imponere av Kjell Olav og Cato som gjennomførte med stil.  Men neste år, då .......  PS: Eg ser uforskamma frisk ut på bilete tatt under løpet, men eg skal lova at eg tok meg kraftig saman og prøvde å ta meg godt ut og representere klkubbkleda på ein god måte!!!" Sjå resultat på våre resultatsider. (Foto: Arne Solli)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar