mandag 13. april 2015

Tor Halvor verdsmeister i vinter-triatlon!

Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng, Vossevangen CK, vart denne helga verdsmeister i vintertriatlon! Ein framifrå prestasjon. Tittelen på tevlinga var Royal Winter Triathlon. Den vart avvikla på Skeikampen og samla den ypparste verdseliten til dyst i herreklassen. Det enda med siger til Tor Halvor og Vossevangen CK. Dei var fyrst 20 km springing, deretter 30 km sykling og til slutt 30 km langrenn. Deltakarar frå det norske, russiske, italienske og tsjekkiske landslaget kjempa om gjeve pengepremiar i ultradistansen over 80 km.

Det var fine forhold, men Tor Halvor kan fortelja at han var nærast snøblind delar av langrennet. Han gjekk i mål føre russiske Pavel Andreev (verdsmeister siste 4 åra) og italienske Daniel Antonioli. Dryge tre minutt skilde dei tre beste i mål etter at dei hadde tevla i over 4 timar. Tor Halvor låg som nummer tre ut på langrennsdelen, men tok ut alt og passerte russaren og italienaren på dei siste kilometrane og kunne kopiera sigeren frå i fjor. Me gratulerer! Sjå resultat på våre resultatsider.


Tor Halvor har skrive fylgjande fyldige rapport på Trek Mesterhus siden facebook-sider:
Det seigaste løpet.
Det er nok vanskelig å forstå kvifor. Kanskje har det noko med at eg har kontorjobb å gjere, kanskje er eg berre veldig sta, men av og til må eg bare strekke grensene for kva eg klarer. Royal vintertriathlon er nok den ultimate muligheita for dette. Distansen 21 km løp -30 km sykkel og 30 km ski. Ein startar med andre ord dagen med halvmaraton løping på snø. Kan fort virke litt avskrekkande det, eg ser den.
I motsetning til jr som eg forstår på storebror stapper trusa full av crampfix på lange løp, blanda eg crampfix i squizy drikke og festa to tabl med teip på sykkelen.
For å klare å løpe 21 km uten seinskader som dukkar opp før eg er i mål, har eg trent løping siste tre mnd. Sykkel og ski regner eg å være rutine.
Eg må nok betegne Arne Post som ein slags erkerival i vintertriathlon, med Post i bedre form enn på lenge var eg forberedt på at Post kanskje skulle stikke av med seieren. Med kamp frå meg forhåpentligvis.
Post har eit heilt annleis løpsopplegg enn meg. Han er lettbeint og er god til å springe, Post er i tetfeltet frå første meter, mens eg er i fritt fall bakover til løpinga er over.
Med på denne galskapen var også min gode kollega Christian Ahmdal , bedre trent enn nokon gong og Steffen Sandem var hyra inn som skismører.
Ahmdal hadde dagens raskaste exit. Etter 500meter løping var tydeligvis ein eller annan kjedereaksjon satt i gang inni låra, og etter nokre hundre meter til var knea umulig å bøye. Christian måtte vralte seg tilbake til start, og levere startnummer med uforetta sak. Etter ein liten pause var det ikkje værre stilt med han enn at han tok sykkelen og kjørte ei intervalløkt ein plass i området som heiter "musdalen". Eit bra plaster på såret vil eg tru.
Tilbake til vralting. Eg vralta ganske fort til meg å være. 21 km på snø godt under 1.20 og kun 4.30 bak Post. På skuddhold før resten av konkurransen.
På syklinga gjekk det derimot tungt, kanskje løp eg litt for ivrig, farten på pedalane var på ingen måte bra nok. "Grupo Post/tet du la cource
" holdt nesten like bra fart som "poursuvants" Dvs meg og ein italiener eg slepte rundt på. Etter halvkjørt sykkeletappe løsna det litt, og då plutselig står Post i vegkanten med flatt dekk. Ganske sikkert har han mista seieren på eit uhell, likevel -Han smiler og heier entusiastisk. Flott fyr!
Inn til veksling ski/sykkel har eg fått opp farten. Italieneren eg hadde med meg fekk litt etter runding halvvegs ei blanding av dei italienske flaggfargane på huden i annsiktet og slapp taket i ei lita kneik.
Det er ca 2 min opp til to mann i teten. Eg velger å bruke litt ekstra tid til mat og drikke i depotet. Så startar jakta. Skia er knall. Super glid. Værre er det med synet. Like før helga var eg til øyelegen på kontroll. Han advarte meg mot at betennelsen i auget kunne gjøre at eg lettare vart snøblind. Ganske riktig - i tett tåke og på ski i høgfjell uten mykje kontrast gjekk det ikkje lang tid før eg måtte ploge i utforbakkene og skøyta rundt som ein slags Steve Wonder på krampeterskelen. Heldigvis letta tåka og løypa gjekk inn i terreng med meir trær og skitten snø. Eg kunne øke farten igjen. 3 km før mål nådde eg att dei to i teten. Det var ingen dramatikk. Me kikka på kvarandre, konstaterte at farten var forskjellig og skilte lag. Fantastisk artig at det holdt til seier igjen, mykje takket være god disponering av krefter, gode ski, flaks , og at Post hadde uflaks.
Ellers må eg bare nevne at mine fire timer løp/sykkel/ski kjem i skyggen av Elin som var heime med kidsa og fikk ei stor vannlekasje i kjellern. Handlelista vart supplert med ein bukett kvite roser frå Kiwien' på Ringebu...
*Vil som alltid anbefale å prøve vintertriathlon. Veldig artig konkurranseform.
Neste post på programmet no er guttetur til Spania om ei veke. Jr skal læres opp til nye triks. Livet er herlig!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar