torsdag 13. august 2015

ContCup i Åsane: Rune nr. 2 og Roger nr. 3

I går sykla Rune Herheim og Roger Eide det tredje rittet i Continentalcup-en. Rittet gjekk rundt i skogen ved Kyrkjekrinsen skule i Åsane. Løypa var variert og utfordrande med både røter, gjørmeparti, opp og ned frå svaberg samt til og med ned ei tråpp - ei teknisk løypa som skilde godt. Kristian Ellertsen viste nok ei gong at slike løyper meistrar han ypparleg og vann med klar margarin. Rune sette ny rekord då han klara å halda fylgje med Ellertsen i over 200 meter og enda til slutt på ein fin-fin og klar 2. plass. Roger suste inn til ein like klar 3. plass i sitt andre ritt i continentalcupen. Sjå resultat på våre resultatsider, og les rittrapportar under.




Rune
Det tredje rittet i continentalcupen gjekk i Åsane der huslyden Utne gjer ein kjempejobb. Dei lagar løypa dagane før, organiserer under rittet og serverer kaka etterpå. Ritta i continentalcupen er veldig kjekke å delta på. Det er låge skuldrar der ein kan tøysa og prata litt, både før, under og etter rittet. Sjølve rittet vart godkjent+ for min del. Sette ny personleg rekord då eg klarde å halda fylgje med Ellertsen i 200 meter. Då kom fyrste feilen og han fekk 20 meter. Eg rakk akkurat å merka at eg var litt tung i beina etter Helterittet sist laurdag før neste småfeil kom, og vips var Ellertsen ute av syne. Då var det berre å prøva å finna flyt og nytte høve til å få god teknikktrening i ei teknisk artig løypa der du omtrent aldri er over 20 km/t. Me sykla heile ni runder, og avstandane mellom ryttarane vart svært store. Eg har aldri teke att so mange, og eg såg heller ikkje noko att til Ellertsen (i fjor tok han meg att nesten to gonger ...). Konklusjon: ein vert stadig litt betre i skogen, og dei gongene ein får flyt over lengre tid er det saltande morro.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar