søndag 9. august 2015

Jon Arild nr. 23 på Klosterrittet

Jon Arild Hellebust tok ansvar og sytte for at Vossevangen CK markerte seg på Klosterrittet i helga. Klosterrittet er eit fint terrengritt på Totland/Bontveit utanfor Bergen med 60 km fordelt på fire rundar. Jon Arild enda til slutt på ein fin 23. plass trass i at det gjekk noko tyngre på slutten p ågrunn av drikkevanskar. Les Jon Arild sin rittrapport under, og sjå resulatliste på våre resultatsider.


For min del var Klosterrittet ein god gjennomføring til neste helg. Voss – Geilo. Fekk ein akseptabel start og ein god flyt. Mista drikkeflaska på fyrst runde i ein nedoverbakke, som medførte svakare motor etterkvart. Klosterrittet er veldig kjekt ritt med like mange høgdemeter som Birken, sjølv om Klosterittet er berre 55 km. Deler av det tekniske partiet var veldig blautt. Her blei eg fråkjøyrt. Fekk tida 2,25. Beste rundetid for meg blei 32.27. Vinnartida blei på 2.08. No er det berre å lade til Voss-Geilo. Det skal bli kjekt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar