søndag 22. mai 2016

Heine med maktdemonstrasjon på Seksvass! Køyrde solo på 2:09

Seksvassrunden gjekk i dag av stabelen, i vanleg vått vær. Men i motsetting til i fjor, var det faktisk fleire varmegrader! Det var eit relativt lite startfelt i år. Ein hadde i dag både Stalheimskleiva opp og i tillegg til Nordhordland Rundt. Dette lyt ein finna ut av, ein kan ikkje skipa til so  mange ritt på same dag i same region...!


Vossevangen CK stilte med ein god gjeng på start. Det var full gass frå rundkøyringa på Svartenakken, og feltet var på ei lang lang rekkje. Heine Nysæther gjorde som i fjor, han gjekk solo. I år laut han venta litt lenger, men kom seg avgårde på Bulken! Han fekk raskt ei god luka, og han heldt heilt inn! Det var litt av ein prestasjon, då han køyrde i nesten 40 km/t i snitt og solo omlag heile vegen. Heine kom i mål på 2:09:24! Ei kjempetid av Heine.

Vidare kom Kjetil Isaksen på 2.-plass på 2:12:57, Jørund Rong på 2:18:37, Sindre Hirth 2:18:44, Roger Eide 2:24:56, Nils Asbjørn Lie 2:35:49

Kristin Sønnesyn tok ein klar klar siger i dameklassen med 2:35:50. Veldig sterkt at Kristin, som sykla åleina store delar av runden!

Rittrapport frå Heine:

"Eg sykla 6vatnsrunden for fyrste gong i 2015 og har gleda meg eit heilt år til å få gjera det igjen. I 2015 stakk eg allereie då masterbilen slapp oss, og køyrde aleina heile vegen. Og lite forstod eg då eg trilla over målstreken aleine, omlag 7 min før nestemann. Den følelsen eg hadde då, er ganske ubeskrivelig og noko ein ikkje opplever så veldig ofte. Sånn «once in a lifetime»... eller kanskje to? I år var det litt fleire sterke ryttera som stillte til start og eg visste at det ikkje ville bli like lett å komme av gårde som i fjor. Planen var å køyra hardt frå start og sjå om eg fekk med meg ein eller to eg kunne køyra saman med. Akkurat som planlagt køyrde eg hardt med ein gong me blei sleppt og fekk med meg Roger Eide frå klubben. Me fekk ei lite luke, men blei raskt køyrd inn igjen før me kom til Bø. Etter det blei det litt virring att og fram i feltet og eg tenkte; «dette var jo ikkje heilt som planlagt, men eigentlig ganske som forventa». Då me nærma oss Bulken fann eg ut at eg måtte prøva meg igjen. Til min store glede såg eg at eg kom av gårde og raskt fekk luka til feltet bak. I tillegg blei eg litt forfjamsa over at det ikkje var nokon som prøvde å fylgja bakhjulet. Eg hadde jo faktisk køyrd aleina i fjor og dei fleste burde vera klar over at eg kunne gjere det igjen. Den mest utfordrande delen av eit bruddforsøk er tida frå ein klarer å rive seg laus, til luka er så stor at feltet bak mister augekontakt, og roar seg. Denne gongen gjekk det relativt raskt, og det kan eg truleg takka lojale lagkammeratar i Vossevangen for. I ettertid blei det rapportert om både bremsing, køyrestrike og bruk av alle dei «skitnaste» triksene i boka. Ref. Jørund Rong :D

Då eg hadde fått stor nok luke reduserte eg intensiteten litt for å komme ned i «komfortsonen». Derifrå og inn var hovudfokus på å ligge på rett intensitet i forhold til kraft-/wattmåleren. Undervegs fekk eg tilbakemeldinger om 2 min, 3 min og 4 min ledelse, og følte eg hadde relativt god kontroll på dei som jaga bak. Eg fullførte på tida 2:09:24 og er veldig fornøyd med eigen og laget mitt sin innsats! Dagen blei ekstra bra då Vossevangen CK tok det som var av prestisje. Kjetil Isaksen fiksa dobbelt med ein solid andreplass og Kristin Sønnesyn blei beste kvinne med ei veldig sterk tid. Gleder meg allereie til neste år!"

Takk til Filip Eidsheim og Odd Inge Jordalen for bilete!

Solo på 2:09 er det ikkje mange som gjere oppatt!!
Eirik Kinserdal og Kjetil Isaksen kosar seg opp Tønabrekko

Heine lett og fin, og sjølvsagt åleina

Kjetil; Rett i frå Noregscup til Seksvass!

Kristin klar til start!

Alltid blid! Kristin klar til innsats

Jørund Rong og Sindre Hirth vart diverre litt bak opp Tjukkabygdè

Roger med tempohjelm og hjulet til Svein Arne Dregni frå Sogn

Kristin lett og fin opp til Fjose

Sindre og Roger passerar "Bø-stein"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar