mandag 30. mai 2016

Heine med ny sterk soloprestasjon under Vestfold Rundt

Heine Nysæther (Vossevangen CK) gjorde ein ny kjempeprestasjon i helga, då han køyrde Vestfold Rundt. Heine var for sein å melda seg på, og kom seg ikkje inn i pulje 1 der han høyre heime. Han laut soleis køyra i pulje 2. Han gjorde som han ofte gjer, gjekk solo frå start!
Han sykla åleina heile rittet, dvs. 164 km. Han nytta 4 timar og 18 minutt, dvs ein snittfart på over 38 km/t. Dette var berre knappe 12 minutt bak vinnaren i den sterke fyrstepulja. Eit veldig sterkt resultat! Me gratulerar Heine med ei kjempeøkt, og gler oss til Bergen-Voss komande helg.


Heine med nytt soloritt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar