søndag 19. juni 2016

Lillhammer-Oslo, ei kjempeoppleving for Vossevangen CK

Laurdag 18.06 vart "Styrkeprøven" gjennomført, og for fyrste gong stilte Vossevangen CK lag på distansen Lillehammer-Oslo. Løypa var 189 kilometer  i år, og var lagt på vestsida av Mjøsa. Vossevangen CK stilte til start med 18 mann frå Voss og omegn, med berre eit forfall. Diverre var Nikolai Hanevik sjuk og kunne ikkje vera med oss til Lillehammer.

Me samla oss på Lillehammer fredag ettermiddag/kveld og åt felles middag. Etter lagmøte og sykkelførebuing vart det berre å få seg nokre timar søvn. Starten på puljene gjekk kl. 05:00, med fem minutt mellomrom mellom laga.

Vossevangen CK klar til start!



Været var perfekt, med vind frå nord, mildt og fint! Med 18 mann til start frå ein klubb på storleik med Vossevangen CK, vil det naturlegvis vera sprik i styrke og form. "Sportsdirektør" Rune Herheim og kaptein Kjetil Isaksen hadde lagt ein plan, der åtte sprekingar skulle sittja i rulla den fyrste timen omlag, og so skulle me sleppa til alle-mann-alle etter kvart. Det gjekk hyvande sørover mot Oslo. Me hadde fint opningstempo og alt gjekk etter planen. Eit stykke forbi Gjøvik fekk diverre Mathias Brodersen teknisk brot, då delar av sykkelen både Di2-batteri og flaskehaldar kom drivande gjennom feltet. Han laut dermed diverre bryta. Etter eit litt vanskeleg parti ved Gjøvikbukta pga av vegarbeid, gjekk det slag i slag nedover mot Oslo. Kaptein Isaksen styrte troppane framifrå og alle fekk vera med framme å gjorde ein solid innsats. Mot Oslo byrja det å røyne på for fleire, men kapteinen var påpasseleg med å få med alle inn til mål. Det var ikkje gitt at det skulle skje, då reglane sette krav om at berre 11 rytterar måtte koma inn samla for å få godkjent tida. Laget kom inn på 4:26, berre 22 minutt bak vinnarlaget. Det må seiast å vera ein kjempeprestasjon gitt at me fekk med oss alle inn til mål! Ein må hugse at rekordlaga som knivar om sigeren er samansett av eliterytterar frå alle kantar av landet. Sterkt gjort av eit klubblag av vår storleik å vera sopass tett på!

På Jordal var det stor stemning og alle var nøgde. Mathias kom seg til mål etterkvart og me kunne samla laget til feiring! God steming!!

Nokre må takkast særs, fyrst og fremst Rune som har gjort dette mogleg ved å vore aktiv i lang lang tid og lagt ned mykje arbeid i førebuingar. Kaptein Isaksen for kloke val, positiv haldning og sterke føringar. Vossevangen ck si avdeling Trondheim for rekruttering av Øystein Stake Laengen som gjorde ein kjempejobb i front heile dagen, og ikkje minst bussførar Nils Asbjørn Lie som køyrde oss bort, sykla med oss til Oslo, returnerte til Lillehammer og henta bussen før han henta oss i Oslo og køyrde oss til Voss att!

Kaptein og sportsdirektør legg ein plan

Friske Vossevangarar oppdressa og klare til innsats!

Målfoto! 

Heltane i dag var;

* Rune Herheim
* Carsten Christensen
* Thierry Matthey
* Geir Karlsen
* Arnstein Ringheim
* Roger Eide
* Heine Nysæther
* Øystein Stake Laengen
* Sondre Tysseland
* Kjetil Isaksasen
* Inge Fagerbakke
* Jørund Rong
* Nils Asbjørn Lie
* Dag Tore Roe
* Jon Arild Hellebust
* Bård Wæhle
* Paul Skeie
* Mathias Brodersen



1 kommentar: