onsdag 15. juni 2016

Rune nr. 3 i det 3. rittet i Continentalcupen

I dag vart 3. ritt i continentalcupen arrangert på Os/Ulven. Arrangøren gjorde ein framifrå jobb, og stilte med ein delvis ny trase. Endringane gjorde susen, og det var god stemning. Det vart dobbelsiger til Fana SK, med Ellertsen på fyrste og Jordan på andre. Rune kom inn på ein fin-fin 3. plass, ti sekund bak Jordan. Nikolai Hanevik laut diverre melda forfall. Sjå Rune sin rittrapport under, og resultatliste finn du her.

Rune sin rittrapport:
Bykste i bilen og tok turen til 3. rittet i Continentalkøppen i kveld. Ei veldig artig løypa på Os/Ulven, med ein del nye vriar som gjorde løypa framifrå. Diverre er det travelt for tida, så eg måtte jobba so lenge som råd før eg reiste. Det resulterte i berre 10 minutt oppvarming og lita tid til å sjå på dei nye punkta i løypa. Uansett, eg rakk starten og var nøgd med det. Startskotet gjekk og eg bestemte meg plutseleg for at eg skulle prøva å halda hjulet til Ellertsen ei stund. Vart særs overraska over at det gjekk i over ein runde. Så begynte han plutseleg å gje fæla gass, og då var den moroa over. Me hadde då fått god luka ned til Jordan på 3. plass. På 3. runden var eg litt uheldig då ein eg tok att med ein runde bestemte seg for å stoppa på det smalaste punktet på eit parti med høg fart. Rakk lukkelegvis å stogga, men tok litt tid å koma seg forbi og 20 sekund forsvann. Eit lite minutt etterpå sette ei grein seg fast i bakhjulet, og vips var Jordan på hjul. Etter ei stund trykte han litt til, og fekk luka. Den var stort sett på 20-30 sekund resten av rittet. Kjapt oppsummert, Ellertsen vann med 3 minutt, Jordan på 2. og eg kom inn 10 sek. bak Jordan. Fleire friskusar på dei neste plassane, så eg er nøgd. Kjenner at eg får bra flyt i lange parti, men manglar noko fysisk. Synd at Nikolai vart forkjøla, for då kunne VCK kjempa om edlare medaljar. No gler eg meg til Lillehammar-Oslo med klubbkameratar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar