onsdag 15. juni 2016

Vossevangen CK køyrde Åsane lagtempo på Osterøy

Tysdag 14.06 vart regionens einaste lagtemporitt avvikla på vakre Osterøy, då Åsane Lagtempo stod for tur. Vossevangen CK debuterte i disiplinen, og stilte lag med Heine, Kjetil og Jørund. Løypa er knallhard, då den går ned ein bakke i gode 5 km og 170 høgdemeter, før ein skal oppatt same bakken i gode 5 km og 170 høgdemeter. Løypa skal køyrast tre gonger, tilsaman 32 kilometer.
Reglane er slik at alle tre lyt vera med til inngang på motbakken ved siste runde, men derifrå kan ein ryttar evt. sleppa dei to andre.


Løypeprofil på Åsane Lagtempo


Været var strålande, med sol og litt vind. Det var god steming og mykje folk. Laget til Vossevangen CK hadde ikkje køyrt saman før starten gjekk og hadde heller ikkje testa løypa. Det vart litt strekk i laget, då leiaren fekk det litt tungt undervegs, og Heine og Kjetil måtte vente på han ved fleire høve diverre. Laget tikka inn på 48;34, og vart nr. 5 berre 25 sekund bak pallen, og tre sekund bak fjerdeplassen. Sjølv opp til andreplass var det berre omlag 40 sekundar. Hadde Heine og Kjetil køyrt åleine opp siste bakken i deira tempo, ville nok plasseringa vorte langt betre. Men dei var særs sympatiske og insisterte(!) på at alle skulle køyre i lag opp, sjølv om Jørund hadde krampe og var ferdig. Alle tre var einige i at økta var bra og at lagtempo er både hardt og morro, men at ein i ei slik løype er ein avhengig av eit relativt likt lagt styrkemessig om ein skal få eit godt resultat.

Vossevangen hadde fanclub i løypa då Odd Inge, Jane, Oda og Jonas hadde teke turen, i tillegg til mor til Heine. Veldig kjekt!

BCK-laget med Fixit-rytterane Bjørnar Vevatnet Øverland og Kristoffer Madsen, med tillegg til tidlagare Noregsmeister for juniorar Marius Sylta vann suverent på sterke 45:02, berre 4 sekund bak løyperekorden!


Åsane Lagtempo, Vossevangen CK

Rong har sendt fylgjande rapport:

Med litt skrekkblanda fryd var det i dag klart for Åsane lagtempo. Eg visste at Heine og Kjetil er i kjempeform for tida, og har prestert godt på Noregecupsnivå, medan eg har hatt eit relativt lite treningsgrunnlag denne våren. Med andre ord venta det meg ei hardøkt. Me opna nok litt forsiktig ned til vending fyrste gong, og soleis køyrde litt hardt oppatt. Eg merka fort at eg hadde problem i bakken oppatt. Å køyre motbakkar er som regel ok for meg, men å køyre dei på temposykkel var noko anna og noko eg ikkje har testa ut før. Eg sat ikkje godt og fekk ikkje den same flyten opp. Andre gong opp bakken fekk eg og krampe, og eg laut be dei andre venta på meg diverre. Ei vond kjensle. Ved siste inngang til bakken opp kunne Kjetil og Heine berre køyrt i frå, men dei ville ha meg med. Alt for snilt gjort, og det kosta oss nok medaljane i dag! Omlag 3 km opp i bakken, laut eg sleppa uansett. Lagtempo er veldig kjekt, men løypa i dag var alt for hard til å ha so stort sprik i laget på køyrestyrke. Ein får lite gratis på halen, når det er sopass tøff løype med lange motbakkar. Men læringspunkta var mange, til dømes at det å sykla motbakke med temposykkel, ikkje er det same som med landevegssykkel. Synd at eg øydelagte eit godt resultat for dei andre i dag, det er berre å årsaka. Heine og Kjetil hadde fortent betre! Men morro var det i alle høve og eg er takksam for at eg fekk vera med å køyra! Ein spesiell takk til Heine som kom heilt frå Kongsberg for å køyre. Slikt står det respekt av.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar