mandag 22. august 2016

Heine vann Voss-Geilo


Heine Nysæther (Vossevangen CK) vann i helga Voss-Geilo, som vart skipa for fjerde gong. Heine kom inn saman med Svein Ivar Reiso (Nymark IL) og Fredrik Olsen (Åsane CK) på 4:48:30. Været var fint med sol og opphaldsvær, men det var noko motvind over fjellet. Me gratulerar Heine med eit nytt sterkt resultat!
 Det var fleire andre gode Vossevangar-prestasjonar på laurdag, og spesielt Thierry Matthey imponerte med 5:00:32 og delt 13.-plass!! Vidare var Dag Tore Roe inne på fine 5:21:15, Sindre Hirth på 5:25:39, Simon Øverland på 5:57:33, Jon Arild Hellebust på 6:13:28 (med punktering på Hardangerbrua), Bengt Arvidsson på 7:10:59 og Erlend Mestad på 7:21:09.

Heine klar til start. Blid som alltid. Dag Tore ser noko meir skeptisk ut! Foto; Avisa Hordaland.


Heine melder om fylgjande rittutvikling: "Det gjekk roleg til Holven, og so køyrde me bra opp Ulvikahøgdè, og me var fire stk som kom i lag over toppen men det samla seg att. So gjekk eg til ned mot Ulvik (tok KOM'n) og fekk med meg ein til. Då me kom til Ulvik la eg meg på 300 watt utover fjorden. Feltet tok oss inn att når me nærma oss Hardangerbrua. Frå Bu til Eidfjord var det langturfart, alle spara seg til bakkane. Det gjekk bra fort oppover frå starten på bakkane og feltet vart oppdelt med det same. Me var ei frontgruppe på 5-6 personar når me kom opp til Liset. Når me kom til Sysendammen følte eg meg fin og gjekk "all in". Då vart gruppa redusert til Reiso, Olsen og meg. Det var motvind over fjellet, so me køyrde i lag. Eg følte meg sterk og tok lange føringar. Godkjensle! Kjekt å få klaff, følte meg bra i dag".


Vinnartrioen; Heine, Svein Ivar Reiso og Fredrik Olsen. Foto; Leif Magne Kinserdal

Bengt klar til dyst! Ny sykkel og berre velstand!! Foto: Rune Herheim
Fin bukett: Thierry Matthey, Heine Nysæther, Eirik Kinserdal, Dag Tore Roe og linselus Rune Herheim.

Jon Arild var uheldig og punkterte....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar