onsdag 10. august 2016

Kjetil nr. 4 under Nordisk meisterskap i landevegssykling, klasse 35-39.

I helga gjekk Nordisk meisterskap i sykling, i tettstaden Sunne, vest i Sverige. Tempo gjekk laurdag, og "linjelöp" som Svenskane kallar det, gjekk sundag. Noregsmeister Kjetil Isaksen var på startstreken til fellestarten i dei svenske skogar. Været var fint og løypa var eigentleg flat, med ein liten bakke som skulle forserast kvar runde.
Dei norske hadde sagt seg einige i at ein ikkje skulle køyre inn kvarandre, viss nokon var i brot. Elles var det vel meir eller mindre alle mot alle!




Isaksen både gledar og gruar seg til debuten i NM-trøyo :-)

Det var litt støyting i starten av rittet og relativt tidleg fekk Svein Ivar Reiso (Nymark IL) og Dan Torp-Hansen (Team Kjekkas) gå i veg og kom seg i brot. Dei to køyresterke ryttarane fekk etter kvart ei skikkeleg leiing på feltet. Ved runding etter 45 km hadde dei alt 2:30 og neste runde hadde dei omlag 4 min. Dei andre norske kunne soleis ikkje gjere so mykje, medan Team Kjekkas hadde to gode rytterar som gjekk etter alt og alle forsøk av Svenskar og Danskar! Soleis vart det massespurt om trejdeplassen, og Kjetil gjekk for ein langspurt. Det lukkast nesten, då berre den tidlegare landslagsryttaren Tommy Jensen klarte å ta hjulet til Kjetil og sneik seg forbi rett før mållina. Dermed vart det fjerdeplass! Eit godt resultat gitt løpsutviklinga! Torp-Hansen tok sigeren etter å ha støyta seg i frå Reiso den siste mila før mål.
Klar til kamp!

Leiar Rong var med som servicemann og dei hadde båe to ei fin helg i Sverige, sjølv om dei laut reisa heimatt utan medaljer :-)




Kledeleg trøye!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar