lørdag 27. august 2016

Ultrabirken: Kjetil nr. 20 og Rune nr. 49

Kjetil Isaksen og Rune Herheim frå Vossevangen CK debuterte fredag på det kanskje røffaste eindagsrittet på terrengsykkel. Ultrabirken var i år på 117 km med mykje fantastisk sti. Kraftig regn og vind under rittet gjorde derimot løypa fleire hakk meir krevjande, både teknisk og fysisk. Kjetil imponerte og sykla inn til ein topp 20 plassering med tida 5:28:45. Rune sykla
også godt, og vart nr. 49 med tida 5:52:12. Det vår i år deltakarrekord med 650 ryttarar, og fleire av dei beste terrengsyklistane stilte til start. Den danske toppsyklisten Søren Nissen vann klart med kanontida 4:53:23. Sjå resultat her.


Kjetil sin rittrapport:
Ultrabirken debut
Med Mr. Herheim tok jeg turen for å teste noen av stiene til UB. Utrolig fine flytstier i flotte omgivelser. Slik ble det dessverre ikke på konkurransedagen. Tett skodde og regn møtte oss på Pellestova, og da vet man det blir gjørmete og vått. Når man i tillegg skal sykle 120 km på sti vet man det blir tungt.
I starten er det en del posisjonskamp inn på stiene. Jeg holdt litt igjen i bakkene og kjørte det igjen nedover. Etter 15-16 km er det flere som går i bakken. Og det er vanskelig å passere. Jeg må ta et langt magedrag for å komme opp til tetgruppen. Når jeg endelig klarer det er jeg skikkelig på stålet. Litt bekymringsverdig å måtte la de gå og vite at 100 km gjenstår. Jeg må ta det helt rolig en periode og la flere passere. Etterhvert finner jeg eget tempo. Og innser at jeg må kjøre siste 60 km alene. Jeg holder igjen litt oppover og forsøker å holde flyten på flatene og nedover. Det blir lange timer i gjørma. Men fine stier holder motivasjonen oppe. Plukker noen plasser mot slutten og klarer akkurat topp 20.



Rune sin rapport
Eg gjekk på ein smell før start. Kjetil og eg budde i eit stabbur utan innlagt vatn, så då planla eg å nytta meg av at arrangøren tilbydde fylling av flasker ved start. Eg leite og leita, spurde diverse folk, men ingen visste kvar denne drikka var. Kjetil måtte stikka aleina på oppvarming mens eg leitte vidare. Til slutt fann eg ein type mjølketank med ein tappekran på baksida av eine hotellbygget. Tok sjansen, og pina deg kom det sportsdrikk ut. Rakk starten sovidt, men kom sist ut av dei 130 i pulje 1. Tenkte det kanskje var ok sidan det trass alt var i pulje 1, men fann ut i fyrste bakken at eg måtte avansera. På dei fyrste stipartia vart eg syklande ein del i kø, men etterkvart vart det meir og meir vatn mellom båtane. Då vart det verkeleg moro. Fekk lange parti med overraskande god flyt, og etterkvart som eg tok att folk var dei flinke til å sleppa forbi. So gjekk eg på ein ny smell. Eg hadde belaga meg på å eta ei lefsa eller banan på kvar matstasjon. Diverre fungerte ikkje desse stasjonane optimalt, men etter 2,5 timar fekk eg endeleg ei lefsa. Den gjorde godt, men det vart langt å sykla snaue seks timar i regn og vind på berre ei lefsa og fire gel-ar. Lukkelegvis flaut eg på meisterkokken Isaksen sin framifrå pastarett frå kvelden før, samt at ein vert liksom litt mindre svolten når ein tak att folk. Mitt beste minne frå rittet (bortsett frå då eg åt lefso) var på eit par hundre meter langt parti med plankar på ei myr. Eg hadde nett teke at ei gruppa, men etter eit par meter på dei fyrste plankane datt dei kvar og ein ut i myra til kvar si sida, medan eg på mirakuløst vis osa bortover på plankane. Enda til slutt som nr. 45 i pulja, og 49 totalt av dei 650 startande. Godt nøgd med debuten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar