torsdag 16. februar 2017

Årsmøte, sundag 05.03.2017

Det vert årsmøte sundag 05.03.2017 på Fitness1 i Vangsgata. Saker til handsaming må vera komne inn til styret innan 01.03.2017. Vel møtt!


mandag 6. februar 2017

Tinging av klede

Me er no klare for å tinge klede for 2017-sesongen! Som i fjor, er det Kalas-klede me brukar. Dei leverar både til Team Joker og British Cycling so kvaliteten er veldig bra!

Praktiske høve:

1. Nettbutikk her: http://teamservice.original.no/?l=32950&s=32950
2. Kode: Vossevangen2017
3. Butikken er open til 22.02.2017.
4. Klubben stør med solid rabatt. Ein ser både original- og rabattert pris i nettbukken.

Det finnast mange modellar, Active, Elite og Pro. Pro-serien er litt kortare i front men like lang bak. Dette hindrar "bulk" framme når ein ligg i bukken osv. Storleikskart ligg inne på kvar artikkel. Sjå elles bilete her i saki.

Det finnast ein del ulike variantar av trøyer, jakker osv. Det er noko informasjon rundt kvar artikkel, men i tillegg;

* Razor-trøya er "Aero-trøye"
* Verano-trøya er veldig tynn og høve best i solsteiken!
* Carbon X7 er meir all-round
* Shark-trøya er veldig spesiell. Dette er ei vasstett pustande trøye (same som Rapha si shodow-trøye). Veldig dyr, men veldig god.

* Daimond-jakka er den varmaste vinterjakka. Denne er med balaclava, og har dobbel front.
* Mission er "vår-jakke" og er tynnare.
* Elastico Thermo er ei langarma trøye som er veldig bra for småkalde dagar, både til trening og ritt. Veldig mange som likar denne! (Tips frå leiaren!).

For spursmål, kontakt leiaren eller bruk Fjesbok-sida vår!