mandag 24. juli 2017

Offroad Valdres 2017



22.juli stilte Vossevangen CK med 2 menn i lagkonkuransen i Offroad Valdres. Dette er eit knallhardt terrengritt der lag med to til tre deltakarar skal sykla 140km på sti i fjella mellom Fagernes og Vang.
Rune Herheim som også var med i 2016 hadde i år med seg Nikolai Hanevik på laget, dette enda med ein sterk 3.plass.

Sjå bilder og film frå rittet her, og resultat her.

Me har fått inn følgjande rapport frå rittet:

Foto:Offroad Valdres



Offroad Valdres 2017
 Eg og Rune sykla Offroad Valdres i helga, ein lagkonkurranse på 140 km i vakkert Valdresterreng. Etter ei natt på Scandic Fagernes der litervis av Farris og anna knask blei fortært, sto me spent klar på startstreken laurdag morgon kl 07:00.  

Dei fyrste 10 km av rittet bestod av asfalt bak ein atv, der feltet sykla samla. Masteratv’en køyrte i front til fyrste stigning, ein lang grusknekkar ala Rong, der det blei ein naturleg spedning i feltet relativt raskt. Me prøvde å finne ein fin rytme oppover dalsida utan å bruke for mykje krefter, og låg som nr. 3 då me nådde toppen og fyrste terrengparti begynte. Inn til fyrste av totalt 2 obligatoriske «pitstopp» hadde me sykla i ca. 1t og 40min og kom inn som lag nr. 3, ein plassering som me holdt heilt til mål 7 timar seinare. Fyrste pitstopp bestod av 5 min obligatorisk pause, der me fylte drikkesekkane og trykte innpå med lokalmat frå Valdres. Rune fekk begrensa tid til å nyte dei lokale delikatessene då mesteparten av tida gjekk med å olje kjeden på Cannondale’en. Etter ein grundig overhaling av sykkelen ala Herheim, måtte eg sette ned foten då han ville begynne å bone ramma etter observerte skitflekkar, og me kom oss vidare vel 4 min bak tet.

Etter 4 timer med flytstiar og mange harde knekkarar kom me omsider inn til pitstopp nr 2. Herheim var fortsatt relativ lett og fin, medan underteikna var farleg nærme den berømte hammaren. Ein solid skallebank i kombinasjon med ein generell nedsatt kroppsfunksjon sat ein dempar på humøret då me sykla ut av pitstopp 2 etter 8 min obligatorisk pause. Gav klar beskjed til Rune at no var hovudfokuset på å klare å komme seg til mål utan å få blackout, og at alle forsøk på vitsar og småprat ville bli møtt med total stillhet. Rune tok på seg rolla som motivator og lokka meg avgårde, med laget på 4. plass jagande hakk i hel. Med eit sviktande syn og mumling som minna mest om tungetale, klarte me å nå siste lange nedoverbakke ned mot mål utan å bli henta. Forfølgarane var farleg nærme ein periode, og studering av tider i ettertid viser at dei kun var 15 sek bak på det nærmaste. Men på eit magisk vis kvikna eg til, og ved hjelp av Herheims eminente navigering ned dalsida gjennom tjukk skog og på traktorvegar, klarte me å opparbeide oss ei luke på vel 1 min i botn av bakken. På dei siste 18 km inn mot mål beståande av asfalt, køyrte me eit forrykande lagtempo og rulla over målstreken i Fagernes på 3. plass.

Rittet var ein brutal prøvelse og eg var på stålet dei siste 3 timane. Men Herheimen var sterk og me kom oss til mål med helsa i behald og utan tekniske problem. Sjølv om rittet var i lengste laget for min del, var det eit veldig kjekt ritt med fantastiske flytstiar i vakre Valdres. I bilen heim konkluderte me at det hadde vore ein spektakulær tur, men begge var krystallklar på at me aldri skal melde oss på Offroad Finnmark på 700 km =)





 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar