torsdag 25. april 2019

Sykkelbutikk-køpp i Skageskogen

Rittsesongen er i gang! Nikolai og Rune forsvarte Vossevangen Ck si æra på knallflotte stiar over seks rundar i Skageskogen utanfor Bergen i går. Dette var fyrste rittet i årets Sykkelbutikk-køpp. Joachim Jordan viste at han framleis har krut i pedalane og tok ein fin siger. Nikolai, i sitt fyrste ritt sidan Offroad Valdres for mange herrens år sidan, sykla seg rett inn på pallen. Rune sleit litt meir, men kom seg inn på ein femteplass. Sjå resultatlista, og les gutane sine rittrapporar under!

Nikolai:
Var med på fyrste ritt i terrengkøppen i skogane på Sandsli i går. Heile 90 % sti, sol, grillpølser og Herheimen i godt humør la rammene for eit fint ritt.

Opna friskt og hang med teten på fyrste av totalt seks rundar, men fekk fort svi for manglande timar på sykkelen i løpet av vinteren. Hadde eit håp om å kompensere manglande watt og O2 med langing av solbærsaft frå damo, men sjølv "Lærum Finest" var ikkje nok for å holde følge med evig unge Jordan. Måtte la han gå og konsentrere meg om å komme meg til mål. Fem rundar seinare kom eg meg til mål som nr. 3 (inkludert vassing i eit myrahol og eit spektakulært svalestup over styret), hakk i hel på 2. mann og med ei solid luke på 1 sekund til nr. 4.

Alt i alt eit flott ritt med fine stiar (flytstiar i tjukkaste bydn, kven skulle tru at det gjekk an?) som kan anbefalast på det sterkaste!

Rune:
To store ting skjedde i går. Det viktigaste fyrst: Nikolaien gjorde kåmbakk! Rett på pallen på den fyrste sykkelturen på fleire år. Bergensarane skjelv nok i brokje no framover. Den andre tingen var at me fekk skikkeleg stisykling med nydelege flytparti, ei fartsfylt nedkøyring og nokre fine, tekniske utfordringar. Diverre var det også eit myrhol. Dette undersøkte eg grundig alle dei tre fyrste rundane. Eg tilbrakte totalt om lag 40 sekund på dette fem meter lange partiet. Sidan gosykkelen er på sørvis, måtte eg kosta støv av Diamanten. Han sleit også litt på dei fyrste tre rundane, bakhjulet losna litt, og på 3. runden måtte eg til slutt stoppa å festa det. Brukte 35 sekund på dette. Då losna det både for sykkelen og meg, og dei tre siste rundane gjekk var mine tre raskaste rundar. Alt i alt, ein veldig kjekk ettermiddag, var dagens raskaste på sisterunden, og ser fram til å få att Scalpel’n.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar