fredag 3. mai 2019

Os rundt

1.mai var det igjen klart for OS rundt, ikkje det lengste rittet i sesongen, men for mange det første og med høg fart i 40km kan det bli hardt nok. VCK stilte med 4 ryttera og eit solid støtteapparat/heiagjeng. Det blei køyrd hardt frå start og satt ny løyperekord, for første gang under 1 time.
Vårt største håp, Sindre Hirth satt fint med inn og enda på delt 5. plass, kun 3sek. bak vinnaren.
Etter rittet seier Sindre følgjande:
 
Første gong eg sykla Os rundt og det vart eit hardt ritt. Starten gjekk og eg satt godt med inn i fyrste bakke. Hadde gode bein so når det vart støyting mot toppen vart fristelsen for stor, eg hengte meg på og kom meg avgårde i ei 4 manns gruppa. Samarbeidet fungerte ikkje heilt so me vart etterkvart køyrd inn att av hovudfeltet etter nokre kilometer. Deretter stod Fanafjellet for tur og nok ein gong satt eg godt posisjonert inn i bakken. Hang med teten opp mot toppen men hadde ikkje køyrd Fanafjellet før so litt urutinert slapp eg nokre sekund til dei 4 andre før eg skjønte att det kun var nokre hundre meter til toppen. Køyrde meg raskt opp att i nedkøyringa. Det vart til slutt samla ei gruppa på 10-12 mann. Blei enormt mykje støyting på flatane tilbake, spesielt frå Åsane som satt med mange i gruppa. Ingen som kom avgårde men på grunn av mykje støyting og lite samarbeid kom det ei gruppa opp bakfrå mot slutten. Ut av siste rundkjøring ca 1 kilometer frå mål satt Geir Edvard Geitle i tet og trykte skikkelig på. Eg og ein Åsane ryttar hengte oss på og me fekk ei luka på 30-40 meter bak til feltet. Såg att feltet bak begynte å ta litt innpå so bestemte meg for å berre brenna til da eg klarte for å sjå om eg kunne halda inn. Gjekk desverre ikkje heilt inn og feltet vart samla i spurten, her satt eg godt framme og klarte å spurta meg inn til ein 5 plass på tida 59:54. Kjekt ritt og stort sett fornøyd over eigen innsats.
 
----------------------------------------------------------------------------------------------
 
Kristin Eidsheim Sønnesyn sykla som vanlig svært bra og kom på 3.plass i kvinne klassen.
Andre pallplass på 2 ritt i 2019 for Kristin, dette lover bra.
Kristin skriv:
 
Mitt andre sykkelritt i år, eg treng litt fart i beina! Kvalm og nervøs før start, som vanleg. Eg visste at folk kom til å køyra hardt opp Mobergsbakken. Det gjorde vondt og eg hadde ikkje sjans, rett og slett. Eg såg det største feltet forsvinna, men på veg mot Ulven vart me først 3 samla og tok igjen ein gjeng med litt fleire, blant anna Geir Ove. Kjekt med kjentfolk! Me satt samla fram til Fanafjellet, med litt rykk og napp i feltet. På veg opp Fanafjellet kjende eg meg bra og hang greit med. Geir Ove distanserte raskt (bokstaveleg talt) gruppa med lette bein. Frå toppen koste eg meg ned bakken og på botn havna eg i ei gruppe med fire andre. Det var ein "organisator" i gruppa og me fekk til eit ganske bra rullesamarbeid. Med lite lagtempotrening i beina vart føringane tøffe. Etterkvart vart dei slake knekkarane for harde for meg og eg fall av eit lite stykke etter Kalandsvatnet. Eg tråkka det eg kunne og hadde det ganske kjekt det siste stykket. Konklusjonen må bli at eg ikkje sterk nok (ennå) og alt i alt var det kjekt, hardt og lærerikt.
 
----------------------------------------------------------------------------------------------------
 

Rune Herheim sykla også godt og kom inn på delt 30. plass med den stere tida 1:01:29

Rune skriv følgjande:

Geir Ove lokka med Volvo og bollar, og då var eg seld. Me tok ut mot Os for å sykla 4 mil på asfalt 😮. Masterbilen sette avgarde frå Os Gymnas (der eg hadde PPU-praksis i 2000) i ein fela fart, så ein roleg start og litt oppvarming var berre å gløyma. Eg visste det kom ein bakke tidleg, så eg sykla meg ganske langt fram i feltet ned mot Os sentrum. Så kom bakken, og folk brende til (det måtte i alle fall eg gjera). Det var 100 frå start, men allereie etter fem minutt sykling var feltet nesten halvert. Så gjekk det radig inn mot Fanafjellet, stort sett bra sykling bortsett frå nokre galningar som stadig vekk låg i venstre felt. Opp Fanafjellet gjekk det greit, men syns det var tungt heile vegen. Hadde ein viss kontakt med teten, men tapte etterkvart eit drygt halvminutt til halen på den gruppa som til slutt vart samla i teten. Inn mot Kalandsvatnet vart me henta av ein del ryttarar, så då var me 14-15 mann og ei sterk dama som køyrde så det kosta etter attende til Os gymnas. Alt i alt, god nøgd med rittet, kjekk tur med Geir Ove, og imponerande sykling av Sindre og Geir Edvard!
 
----------------------------------------------------------------------------------------------

Geir Ove sleit litt med å finna fram undervegs, men kom seg til mål.
Geir Ove skriv:

Eg og Rune tok turen til Os for å sykla ein liten runde, der møtte me fleire VCKara som hadde tatt turen for å sykla og heia.
Eg var med på Os rundt i fjor, og fann fort ut det var viktig å ligga godt framme i feltet inn i Mobergsbakken når starten gjekk, i fjor låg eg langt bak og tapte mykje på det. I år stilte eg meg opp langt framme og var klar for ein god start, men det var fleire som hadde det frykteleg travelt med å komma seg inn i bakken, og som i fjor var eg langt bak når rittet starta. Det som er litt rart er at dei som presser seg fram for å komme inn i Mobergsbakken stopper nesten opp med ei gang stigningen starter og det blir bremsing og slalomkøyring i botn av bakken før eg kan begynna a komma meg fram i feltet.
Eg passerer Kristin rett før toppen og havner i gruppa rett framfor ho, Sindre og Rune er for langt framme og eg klarer aldri å komme meg opp til dei. Etter nokre kilometer ligg eg først i gruppa mi når me kjem til eit kryss utan vakter, akkurat når eg svinger til høgre i krysset ser eg at gruppa før meg har svinga til venstre, det gjer resten av gruppa mi også, mens eg må ut å snu. Eg innser fort at eg ikkje klarer å køyre meg opp igjen så eg slakker av litt og venter på neste gruppe, det går ikkje lenge før Kristin og gjengen tar meg igjen og me syklar samla til Fanafjellet.
Etter ei stund ser eg gruppa eg var med lenger oppe i stigningen og prøver å køyre meg opp der, men toppen av fjellet kjem litt før eg hadde trudd og eg mangler litt på å ta dei igjen, blir passert av 2 biler som ligg mellom meg og gruppa ned Fanafjellet og eg taper mykje. Tar igjen ein nede på flaten som vil samarbeida ned mot mål, samarbeidet består av at eg drar og han ligg på hjul til Søfteland før me blir henta av gruppa som Kristin har sykla med.
Kjekt ritt og ei god hardøkt, men er fortsatt for forsiktig og snill i starten....kanskje neste år.
Triveleg tur med Rune og kjekt å halsa på VCK avd. Landås.
 
-------------------------------------------------------------------------------------------------
 
Takk til Filip, Jane og Odd Inge for bilder.
 
 

























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar