søndag 2. juni 2019

Viktig info til klubbens medlemmer!



Som sikkert dei fleste har fått med seg så er me så heldige at me har fått S. Endeve Sport bak på dei nye buksene våre, dette er ein avtale som gjev klubbens medlemmar gode fordeler:

 
 
          -  10% avslag på heile sortimentet.
          -  25% avslag på sykkelutstyr, deler og service på sykkel.*
          -  Rabatt etter avtale ved kjøp av sykkel.
 
*Unnateke frå dette er spesialbestillingar. Dette kan til dømes vera hjulsett og komplette girgrupper.
På slike bestillingar vil ein få ein gunstig klubb-pris, men dette vil kunne variere på ulike komponentar.
 

 
Dette er ein avtale som gjeld alle våre betalande medlemmer. Eg vil med det same minna om at 50% rabatt på klubb klede, støtte til reise og ritt også forutsetter eit gjeldande medlemskap i Vossevangen CK, så har du gløymt å betala for 2019 så sjå her.
 
 
 
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar